Hopp til innhald

Fagstoff

Dreiinga mot det visuelle 1950–1960

1950-åra er prega av ei dreiing mot det visuelle. Vekeblada vart det fjerde store massemediet i Noreg. Pressefotoa vart viktige innhaldselement på framsida av avisene og i avisreportasjar. Underhaldningsmedium som kino, vekeblad og teikneseriar vaks kraftig.
Framsidene til fire vekeblad frå perioden 1950–1960. Norsk Dameblad, Illustrert og to utgåver av Alle Kvinners blad. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå ord til bilete

På 1950-talet hadde fire store massemedium fått fotfeste i Noreg: aviser, vekeblad, kino og radio. Felles for utviklinga i dei fire massemedia er at bileta fekk større plass. Ein av grunnane til at media utvikla ein visuell stil, var den sterke konkurransen dei imellom. Den store etterspurnaden blant publikum etter bilete på 1950-talet peiker fram mot lanseringa av fjernsynet i 1960.

Pressefoto som visuelle blikkfang

Pressefotoa vart brukte i avisene så tidleg som i 1920-åra, men på 1950-talet vart bileta viktige blikkfang på framsidene til avisene, saman med overskrifter og ingressar. Ny teknologi gjorde det mogleg å overføre rykande ferske bilete via telefon, og meir avansert trykketeknikk gjorde at avisbileta fekk betre kvalitet enn tidlegare.

Publikum strøymer til kinoane

I frigjeringsdagane strøymde folk til Filmavisen, som vart vist på Palassteateret i Oslo. Filmavisen var 50-talets dagsrevy. Med det som vi i våre dagar opplever som nokså overdriven framtidsoptimisme og nasjonalpatriotisme, spelte Filmavisen ei viktig rolle i gjenreisingstida etter andre verdskrigen. Her kan du sjå eit klipp frå Filmavisen.

Talet på norske spelefilmar auka kraftig. Mange filmar fortalde historier frå krigen og spelte ei viktig rolle for korleis etterkrigsgenerasjonen seinare forstod denne perioden. Ordninga med bygdekinoar førte til at filmmediet fekk fotfeste også på landsbygda.

Vekeblada – det fjerde store massemediet

Vekeblada var i distribusjon frå 1920-åra av, men det er først i denne epoken at mediet veks fram til å bli det fjerde store massemediet. Dei store familieblada Hjemmet, Allers og Norsk Ukeblad dominerte marknaden. Innhaldsmessig retta vekeblada seg mot privatsfæren. Kvinneblad som Kvinner og klær og Alle kvinner vidareformidla den kvinnelege rollemodellen i 50-åra – den perfekte, heimeverande husmora.

Teikneseriehefta fekk også eit stort publikum. I 1953 vart det selt mellom 200 000 og 300 000 teikneseriehefte i Noreg kvar veke. Med overgangen til firefargetrykk vart teikneseriehefta meir innbydande. Den store suksessen som underhaldningsmedia hadde på 50-talet, hang saman med generell velstandsvekst og at folk fekk meir fritid.

Bilete best på radio?

Også radioen begynte å lage lydbilete for å fange interessa til publikum. Reportasjeinnslag og studiosendingar vart krydra med ulike former for lyd som skapte indre bilete hos lyttarane. Kvar laurdagskveld samla det norske folket seg rundt radioen for å lytte til studioshow og høyrespel.

Lørdagskveld i Store studio

0:00
-0:00

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marte Lindstad Næss og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.04.2018

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie