Oppgåve: Yrkessituasjon

Yrkesetiske retningslinjer

Publisert: 28.06.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Yrke barne- og ungdomsarbeider

Matias er oppteken av at det er forskjell på korleis han er når han er på jobb, og korleis han er i fritida. Han har lært at han skal vere profesjonell når han er på jobb, og at han skal yte service og omsorg. Nokon gonger kjem han opp i situasjonar der det er vanskeleg å vite kva som er rett og gale.

Når Matias er på jobb, er det mange reglar han må innrette seg etter.

Nokre av reglane handlar om yrkesetikk. Dette blir kalla yrkesetiske retningslinjer. For nokre yrke er det utarbeidd eigne yrkesetiske retningslinjer.

Søk på Internett og finn eksempel på yrkesetiske retningslinjer for yrke i helse-, sosial- og oppvekstsektoren. Diskuter desse i klassen.

 
Oppgåver

Praktisk stoff

Relatert innhald