Fagstoff

Nomenklatur (namnsetjing)

Publisert: 02.03.2011, Oppdatert: 04.08.2017
Ørret

Det er viktig å kunne kommunisere om biologisk informasjon på tvers av landegrenser. For å unngå misforståingar er det nødvendig at alle artar og organismegrupper har unike namn. Alle artar og organismegrupper får derfor vitskaplege godkjende namn som følgjer internasjonale reglar for namnsetjing.

”The purpose of formal nomenclature is to provide a precise, simple, and stable system of unique names used by scientists in all countries.”
(Traverse, 1996) 

 

Titelsiden av boken Species plantarum av LinneForsida av boka Species plantarum av Carl von Linné.
Fotograf: Brya
Opphavsmann: Valérie75
 

Binær nomenklatur blir gjennomført konsekvent for plantane første gong i boka Species plantarum, 10. utgåve (1753), av Linné. 

 

Bilde av den fiolette blomsten RødknappRaudknapp (Knautia arvensis).
Opphavsmann: H. Zell
 

Raudknapp (Knautia arvensis) har fått namnet sitt etter den tyske botanikaren dr. Knaut og arvensis som betyr "noko som høyrer åkeren eller dyrka mark til". 

 

En av verdens største kjøttetende planteNepenthes attenboroughii.
Opphavsmann: Dr. Alastair Robinson
 

Den kjøttetande planten Nepenthes attenboroughii er oppkalla etter sir David Attenborough, den kjende naturfilmskaparen. Dette er ikkje den einaste arten som er oppkalla etter ein kjendis. Det eksisterer mange kuriositetar innanfor namnsetjing.

Kvifor ha vitskaplege namn?

Forsking går føre seg i alle delar av verda og på alle språka i verda. For å kunne kommunisere om biologisk informasjon er det viktig at det eksisterer ei universell forståing for kva for artar eller andre organismegrupper det blir snakka om. Nomenklatur er læra om det å gi vitskaplege namn til artane. Det eksisterer ei rekkje reglar som må følgjast ved namnsetjing av organismar for at dei skal bli gyldige, og desse standardane er gitte av International Code of Botanical Nomenclature og International Code of Zoological Nomenclature.

Binær nomenklatur

Det vitskaplege språket som oftast blir nytta til å setje namn på artar, er latin (men nokre gonger gresk òg). Årsaka til det er at latin blir rekna som eit dødt språk som derfor ikkje er i endring. Artane får namn etter det som blir kalla binær nomenklatur. Dette inneber at dei får eit slektsnamn og eit artsnamn (artsepitet), altså eit toledda namn (binært), som saman er unikt for ein gitt art. Slektsnamnet blir skrive med stor forbokstav, medan artsnamnet blir skrive med små bokstavar. I tillegg skal det vitskaplege namnet skrivast i kursiv.

Nomenklatur vist med to artar innanfor same slekta:

Corvus corone          (slekt + art)    kråke
Corvus corax            (slekt + art)    ramn

Ei kråke og ravn i vinterland.Ut frå dei vitskapelege namna til kråke Corvus corone og ramn Corvus corax ser vi at det er to artar frå same slekt.
Fotograf: Jarl Fr. Erichsen

Autornamnet følgjer etter det vitskaplege namnet til arten, men det blir som oftast nytta i spesiallitteratur, som i florabøker. Autornamnet er namnet på den personen (forfattaren) som først sette namn på arten, og autornamnet blir gjerne forkorta (Parus major L. – der L står for Carl von Linné).

Tydinga til namnet

Dei vitskaplege namna på artane har som oftast ei meining, sjølv om nokre er vilkårleg laga. Namnet på arten kan vere gitt av staden arten veks, eller utsjånaden til arten, eller det kan vere oppkalla etter personar som har vore viktige for arten, eller den personen som oppdaga arten.
Eit eksempel er blomen linnea. Det vitskaplege namnet til denne blomen er Linnaéa boreális, og det kjem av at dette var ein blom Carl von Linné var særleg begeistra for, og at det er ein plante som veks i nordlege område.

Bilde av planten Linnaea borealis 

 

Linnaéa boreális
  • Linnaéa – oppkalla etter Carl von Linné
  • boreális – nordleg

Linné og nomenklaturen

Det var Linné som starta med dette einskaplege og logiske systemet for namnsetjing av organismar. Han nytta dette systemet første gongen konsekvent i arbeidet innanfor botanikken med Species plantarum frå 1753, men overførte det etter kvart òg til zoologien i den 10. utgåva av Systema Naturae. Denne forma for namnsetjing er kanskje den viktigaste og best bevarte arven etter Linné innanfor systematikken. Før dette var artane namngitte på så mange ulike måtar og språk at det var bortimot umogleg å kommunisere på tvers av landegrenser.

I tillegg til dei vitskaplege namna blir det jobba med å lage godkjende norske namn på norske artar. Sidan 2009 har Artsdatabanken (artsnamnebasen) vore den offisielle forvaltaren av anbefalte norske namn.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald