Fagstoff

Systematikk

Publisert: 02.03.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Three little pigs

Ein føresetnad for å ta vare på og forstå det biologiske mangfaldet vårt som ein heilskap er kunnskap. Dette mangfaldet må organiserast på ein slik måte at det er mogleg å finne fram i kunnskapen om dei ulike organismane: gena deira, kor utbreidde dei er, leveviset deira og slektskapen.

Her ser du eit lite utval av artsmangfaldet i verda som alle har plass i systematikken.


Biler av arter i soppriketSoppcollage.
Fotograf: Snežana Trifunović, Tim Bekaert, BorgQueen, Daniel Ullrich, Przykuta
 


Bilde av ulike arter i dyreriketDyrecollage.
Opphavsmann: Esculapio gallery
 

 

Ulike bilder av arter i planteriketPlantecollage.
Opphavsmann: Rkitko
 

 

For oss sjølve, menneska, vil klassifikasjonen bli som vist i tabellen under.

Taksonomiske nivå for mennesket.  

 

Biologisk mangfald og organiseringa av alle artar

Bevaring av biologisk mangfald er i dag aktuelt som aldri før. Biologisk mangfald finst både på økosystem-, arts- og gennivå, men det er ofte artsmangfaldet som er i søkjelyset. Ingen veit sikkert kor mange artar som finst i verda. I underkant av to millionar artar er beskrivne, men talet er i realiteten mykje høgare. Det blir stadig oppdaga nye artar. Eit eksempel på det er studien "The census of marine life" som har vore i gang dei siste tiåra, og som har påvist 6000 nye artar i havet. Ut frå det som er registrert i Noreg i dag, reknar vi med at det finst om lag 70 000 artar her til lands, og då er ikkje mikroorganismar, bakteriar og virus tekne med.

Ein føresetnad for å kunne ta vare på det biologiske mangfaldet vårt er at vi har kunnskap om dei ulike organismane og leveviset deira. Det biologiske mangfaldet må organiserast på ein slik måte at det er mogleg å finne fram og ha oversikt over alle dei millionar av artar som vi kjenner til.

Systematikk og taksonomi

Systematikk er læra om det biologiske mangfaldet og korleis dette mangfaldet er organisert i eit hierarkisk system bygd på kunnskap om det evolusjonære slektskapet mellom organismane. Ein meir snever definisjon av systematikk omfattar ikkje dei evolusjonære relasjonane mellom organismane, men er synonymt med det vi kallar taksonomi. Taksonomi handlar om identifikasjon, beskriving, nomenklatur og klassifisering av organismar.

"Without taxonomy to give shape to the bricks, and systematics to tell us how to put them together, the house of biological science is a meaningless jumble."
(Robert May, 1990.)

Klassifikasjon

Dei taksonomiske nivåa som hovudsakleg blir nytta i klassifikasjonssystemet, er vist i figuren under til venstre.

De ulike nivåene innen klassifikasjonenDei taksonomiske nivåa i klassifikasjonen.
Opphavsmann: Bitjungle
I tillegg blir det til tider nytta ekstranivå mellom desse, som underklasse og overorden. Den gjeldande oppfatninga i dag er at klassifikasjonen til ei organismegruppe skal vere basert på felles slektskap der artane i ei avgrensa og definert gruppe har ein felles stamfar, og der alle etterkommarar etter denne stamfaren er inkluderte i gruppa (monofyli)

Dynamisk vitenskap

Systematikken er ein dynamisk vitskap, og det vil heile tida komme endringar etter kvart som vi skaffar oss ny kunnskap. Føreslegne klassifikasjonar kan variere noko, og det som blir rekna som rekkje i eitt system, kan bli halde som underrekkje i eit anna like korrekt klassifikasjonssystem. Denne dynamikken gjer fagfeltet utfordrande, men dei utfordringane som ligg i systematikken, gjer det interessant og spennande. I dag viser det seg at vi har eit sterkt behov for å styrkje den vitskaplege kompetansen knytt til kunnskap om artar og systematikk, slik at vi for framtida vil vere betre rusta til å kartleggje, bevare og forvalte mangfaldet.

Oppgåver

Generelt