Fagstoff

Oversikt over organismegrupper

Publisert: 02.03.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Mangfold-montasje

Her finn du ei oversikt over biologisk mangfald der dei største gruppene av organismar er skildra. Eksempla som er gitte, kan vere alt frå artar til rekkjer, avhengig av kor kjend den aktuelle gruppa er. Tabellane finst som bilete og er lagde ved i eit meir lesevennleg pdf-format. Sjå i tillegg relasjonane til fleire bileteksempel.

Organismegrupper

Formelle grupper finn vi att i moderne klassifikasjonssystem, og dei fleste høyrer til eit bestemt nivå (f.eks. rekkje eller klasse).
Uformelle grupper fanst i tidlegare klassifikasjonssystem, og somme av namna er framleis i bruk fordi dei utgjer praktiske einingar.

Bilete av fargekodar til tabellen. Organismegruppene i kolonnen lengst til venstre er oftast, men ikkje alltid, formelle. Domenet Eukaryota (dei eukaryote organismane) er fordelte på dyreriket, soppriket, planteriket og det gamle, oppløyste protistriket (der mange grupper no har ei usikker plassering). Prokaryote organismar finn vi i domena eubakteriar og arkebakteriar.
Fargekodar i tabellen skil dei ulike gruppene frå kvarandre.
Det må understrekast at det er gjort mange val og kompromiss i denne oversikta. Andre kjelder kan derfor gjerne avvike noko frå dette. Systematikk og klassifisering er, som all annan vitskap, kjenneteikna ved å vere i stadig endring på grunn av tilflyt av ny kunnskap.

DyreriketPlanteriket, soppriket, protistriket og prokaryotar
Bilete av ein stor tabell.Oversikt over systematiske grupper innan dyreriket.
Forfatter: Hanne Hegre Grundt, Ragnhild Baglo, Kristin Bøhle
 
Bilete av stor tabell.Systematiske grupper – Planteriket, soppriket, protistriket og prokaryotar.
Forfatter: Hanne Hegre Grundt, Ragnhild Baglo, Kristin Bøhle
 

 

Oppgåver

Generelt

  • Taksonomi (Oppgåve: Interaktivt oppgåvesett)