Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis blir eit radioprogram til?

Eit tre timar langt live musikkmagasin på radio med gjester er krevjande. Research og klargjering av studio er viktig før sending, og under gjennomføringa må konsentrasjonen liggje på køyreplanen, men du må òg kunne takle uventa hendingar.

Kva innhald har Popsalongen?

Popsalongen er eit musikkmagasin som gjekk dagleg på NRK P3. Programmet var eit tre timars radioprogram som handla om popkultur. P3 er NRKs musikkanal, og målgruppa er primært ungdom. P3 har hovudfokus på populærmusikk, humor og nyheiter.

Før sending

Ein stor del av arbeidsdagen til ein radiomedarbeidar går føre seg før sending. Når Popsalongen går på lufta kl. 13, har Siri allereie fire timar bak seg med research og utarbeiding av køyreplan.

Dei to første timane går med til å sjekke norske og utanlandske musikknettstader på jakt etter aktuelle nyheiter.

Dagens gjest

I tillegg førebur programleiaren seg til intervjuet med dagens gjest.

Lydteknikk

Lydteknikar Helgar Torgvær gjer klar mikrofonar og instrument til musikarar som skal spele "live" i studio. Han sørgjer òg for at alle linjer mellom miksebord og studio er kopla opp. Sidan artistane dukkar opp undervegs i programmet, må lydsjekken ofte gjerast i plateavspelingspausane.

Køyreplan

Før programmet går på lufta, blir det laga ein køyreplan. Køyreplanen viser kva for innslag som skal vere med i programmet, kor lenge kvart innslag varer, og kva for lydkjelder som skal brukast. Lydmiksaren legg dei ferdiglaga lydklippa klar på harddisken.

Sidan Popsalongen er eit musikkprogram, får programleiaren ein halvferdig køyreplan frå musikkavdelinga, der musikkinnslaga alt er lagde inn. Programleiaren sin jobb er då å leggje inn studiostikk mellom musikkinnslaga.

Eit studiostikk er ein monolog eller dialog som bind dei ulike innhaldselementa i programmet saman. Dersom programleiaren har invitert ein gjest i studio, må dette innslaget òg inn i køyreplanen.

I studio

Utfordringa for programleiinga i Popsalongen er å snakke seg gjennom ei tre timars direktesending utan å miste fokus. Då er det viktig å vere glad i å snakke og vere genuint interessert i det temaet programmet handlar om.

Om å halde fokus og å snu rundt på planer

Sjølv om sendinga er godt planlagd, er det viktig å kunne snu seg kjapt dersom noko uventa skulle dukke opp.

Lydmiks

Lydmiksaren Anders styrer programavviklinga og sørgjer for at alle lydinnslag går på lufta når dei skal. I andre radiokanalar hender det at programleiaren òg har ansvaret for denne jobben.

Kontakt med lyttarane

Kontakt med lyttarane er viktig. Programleiaren tek imot ein straum av SMS-meldingar mens programmet er i gang. Nokre lyttarar får tilbakemelding direkte på lufta, andre får svar via tekstmelding. Kommunikasjon med lyttarane er vanleg i direktesend radio.

Korleis få jobb i radio?

CC BY-SASkrive av Thomas Nupen og Kristin Eriksen Vold.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2017

Læringsressursar

Produser lyd