Hopp til innhald

Fagstoff

Kjeldene til journalisten

Kjelder kan vere skriftlege, munnlege, observasjonar eller paratkunnskap. Ein journalist bør som oftast bruke fleire kjelder. Ver Varsam-plakaten pålegg journalisten å vurdere om kjelda er relevant og truverdig.
Person med stor munn omgitt av hender med mikrofonar. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relevant og truverdig informasjon

Journalistar er avhengige av å kunne bruke mange ulike kjelder når dei jobbar med ei sak.

  • skriftlege kjelder
  • munnlege kjelder
  • observasjon
  • paratkunnskap

Kjeldene må vere relevante. Det vil seie at dei personane journalisten hentar informasjon frå, må ha kunnskap og erfaring som kan kaste lys over saka. I tillegg bør kjeldene vere truverdige. Journalisten må kunne stole på at det kjelda fortel, er sant.

Ver Varsam-plakaten pålegg journalistar å drive kjeldekritikk. Journalisten må kunne vurdere kvaliteten på kjelda og identifisere dei som gir falsk eller villeiande informasjon.

Skriftlege kjelder

Døme på skriftlege kjelder er bøker, artiklar, offentlege dokument og register. Slike kjelder er som oftast kvalitetssikra i utgangspunktet og tydeleg merkte med forfattar eller avsendar. Men sjølv store mediebedrifter har blitt lurte av falske dokument. Det tyske magasinet Stern trykte i 1983 det dei trudde var Hitlers dagbøker. Dei blei seinare avslørte som falske.

To personar sit med kvar sin berbare PC. På veggen bak dei er det ein enorm Google-logo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag er «googling» på internett ein vanleg måte å søkje etter informasjon på. Dei store søkjemotorane rangerer innhaldet i søket ut frå kva dei meiner er mest relevant for deg, men dette er kanskje ikkje dei kjeldene best kastar lys over saka. Viktig og nyansert informasjon kan vere vanskeleg å finne. Ein journalist må derfor ha god søkjekompetanse.

Den informasjonen du finn på internett, er ikkje alltid kvalitetssikra. Nokre avsendarar har lite kunnskap om det dei skriv om, og nokre legg ut villeiande informasjon for å fremje eigne interesser. Det finst døme på at falske nyheiter har blitt plukka opp av fleire nettaviser og spreidde verda rundt før saka har blitt avkrefta.

Derfor må du som journalist alltid sjekke om opplysningane er korrekte. Det kan du gjere ved å samanlikne opplysningar frå fleire kjelder. Ein god regel er å unngå einkjelde-journalistikk.

Ein del organisasjonar sender ut eigne pressemeldingar. Slikt stoff kan vere freistande å bruke i ein travel kvardag. Men det er viktig å hugse på at pressemeldingar er skrivne av dyktige informasjonsmedarbeidarar som sjølv ønskjer å styre informasjonen om ei bestemt sak. Dersom du skal lage ei sak om oljeutvinning i eit sårbart område, kan det vere stort sprik mellom dei opplysningane du får frå oljeselskapa, og dei du får frå Bellona eller Naturvernforbundet.

Rapparen 50 Cent blir intervjua av den unge VG-journalisten Siri Færder. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Munnlege kjelder

Journalistar nyttar i stor grad munnlege kjelder i tillegg. Det er vanleg å skilje mellom offentlege og private kjelder. Døme på offentlege kjelder er forskarar, byråkratar og politiet. Slike kjelder har større truverd enn privatpersonar. Skal du lage ei sak om ei trafikkulykke, er eit intervju med skadestadsleiaren av større sakleg verdi enn eit intervju med ein tilfeldig tilskodar.

Ver Varsam-plakaten har reglar for korleis ein skal gå fram når ein bruker barn som kjelder, eller folk som er i kjenslemessig ubalanse. Hugs at munnlege kjelder kan lyge for å oppnå ein fordel.

Observasjon

TV-journalist Sara Carbonero rapporterer frå indre bane før semifinalen mellom Spania og Tyskland i VM i Sør-Afrika i 2010. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det du eller andre ser og høyrer, er også viktige kjelder. Dei som sjølv har vore vitne til ei hending, blir kalla førstehandskjelder. Slike kjelder er rekna som spesielt viktige.

Men hugs at menneske oppfattar det dei opplever, ulikt. To personar som har vore vitne til ei ulykke, kan kome med heilt forskjellig informasjon om det som hende. Det kjem av at vi tolkar det vi ser og høyrer, ut frå den kunnskapen og dei erfaringane vi har frå før. Også journalisten sine eigne observasjonar er subjektiv informasjon.

Kan du vere di eiga kjelde?

I mange tilfelle har du allereie informasjon om eit emne, som du har skaffa deg gjennom utdanning eller erfaring. Slik informasjon blir kalla paratkunnskap. Bevisst eller ubevisst vil du bruke denne informasjonen som grunnlag for det vidare arbeidet ditt med ei sak.

Det er sjølvsagt ein fordel at du har erfaring frå eit område frå før, men gammal kunnskap kan i nokre tilfelle vere til hinder for å finne ny informasjon. Verda endrar seg; det du lærte på barneskulen kan vere forandra i dag. Skrivebordsjournalistikk er eit omgrep som blir brukt noko nedsetjande om journalistar som ikkje tek seg bryet med å skaffe seg ny kunnskap om ei sak.

CC BY-SASkrive av Stein Vegard Olaussen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2021

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk