Hopp til innhald

Fagstoff

Livsstilssjukdomar

Livsstilssjukdomar kan enkelt definerast som einkvar sjukdom som har samanheng med korleis ein person lever. Desse sjukdomane skuldast dels at vi lever lengre i våre dagar, og dels livsstilen vår.

Turgåarar og joggarar på ein grusveg ved eit vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre av dei mest utbreia livsstilssjukdomane er:

  • hjarte- og karsjukdomar
  • kreft – nokre typar
  • type 2-diabetes
  • stress og stressrelaterte lidingar
  • overvekt
  • belastningslidingar

Kjenneteikn for livsstilssjukdomar

Dette er sjukdomar som treng lang tid for å utvikle seg, og når sjukdomen har etablert seg, er det vanskeleg å lækje den. Samstundes er dette sjukdomar som vi i høg grad kan førebygge eller forsinke ved å endre livsstil.

Korleis kan vi førebygge livsstilssjukdomar?

Dei viktigaste tiltaka er sjølvsagte. Vi må ete mindre og sunnare mat, vi må bli meir fysisk aktive, slutte å røykje, og ha eit moderat alkoholforbruk. Vi må også redusere forureininga og betre miljøforholda i samfunnet, på arbeidsplassane og i heimen.

Forsking viser at dersom ein et mykje frukt, bær og grønsaker, samt grove kornprodukt og fisk, kan dette førebyggje ei rekke sjukdomar som type 2 diabetes, hjarte- og karsjukdomar, kreft og osteoporose.

Auka fysisk aktivitet er kan hende det aller viktigaste tiltaket mot livsstilssjukdomar. Den moderne sivilisasjonen har ført til at menneske i dag bruker kroppen vesentleg mykje mindre enn før. Vi har blitt passiviserte og inaktive. Regelmessig mosjon og bruk av kroppen i 30-60 minutt kvar dag styrkjer kroppen og bruker kaloriar. På den måten reduserer ein risikoen for overvekt, diabetes, hjartekarsjukdomar og beinskjørheit.

Framtidsutsiktene

Vi kjenner årsakene til livsstilssjukdomane, og vi blir stadig minna på kva vi kan gjere for å betre leveutsiktene våre. Likevel held utviklinga fram i feil retning. Dette er ei utfordring for kvar enkelt av oss, men det er også ei samfunnsoppgåve der sentrale myndigheiter må setje i verk tiltak som stimulerer til eit sunnare liv.

CC BY-SASkrive av Norsk Helseinformatikk.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Livsstil