Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentasjon

I arbeidet med barn og unge er dokumentasjon eit viktig verktøy. Når vi dokumenterer, får vi informere andre om arbeidet vårt, og det hjelper oss så vi kan reflektere over vår eigen praksis.

«Å dokumentere er å forstå verda på ulike måtar.»

(Åberg, Taguchi, 2006)

Vi brukar dokumentasjon først og fremst for å utvikle det pedagogiske arbeidet, men også for å vise fram det arbeidet som blir gjort med barn og unge.

Dokumentasjon

Når du skal dokumentere ei hending, startar det med ein observasjon du har gjort. Det er ofte noko du har lyst til å sjå nærmare på, og du og resten av personalet reflekterer over. Når fleire i personalet snakkar saman om den same hendinga, kan det komme fram ulike synspunkt og tankar. Det er ein viktig og god måte å utvikle det pedagogiske arbeidet på.

Du opplever sikkert at du har mykje å fortelje frå barnehagedagen når du snakkar med kollegaene dine. Utfordringa er korleis vi kan bruke dokumentasjonen for å utvikle barnehagen og det pedagogiske arbeidet.

Skriftlig dokumentasjon

Barne- og ungdomsarbeidaren dokumenterer kva barn og unge opplever og lærer i barnehagen, skulen, SFO eller ungdomsklubben. Skriftleg dokumentasjon i form av vekeplan og vekesluttbrev til foreldra viser kva for aktivitetar som er planlagde, og korleis dei er utførte. Gjennom fotografi og videoopptak dokumenterer vi kvardagen. Bilete av framsyningar, konsertar og utstillingar dokumenterer kva barna har arbeidd med og viser kva dei meistrar. I tillegg blir utviklinga og samspelet til det enkelte barnet skriftleg dokumentert. Dokumentasjonen kan også innehalde teikningar og fotografi.

Det kan vere vanskeleg å få tak i det barn tenkjer og opplever. Difor er til dømes ei teikning eller eit bilete frå ein aktivitet ein fin innfallsvinkel til å få barnet til å utdjupe opplevingane og tankane sine. Då kan vi snakke om det barnet har vore med på, og barnet får høve til å fortelje om opplevinga si. Gjennom denne prosessen får barna oppleve at vi er interesserte i det dei har gjort. Dei får setje ord på opplevingane sine, og barn og vaksne kan undre seg i lag over det som har skjedd.

Frå rammeplanen for barnehagen:

  • «Dokumentasjon kan være et middel for å få fram ulike oppfatninger og åpne for en kritisk og reflekterende praksis.»
  • «Barns læring og personalets arbeid må gjøres synlig som grunnlag for refleksjon over barnehagens verdigrunnlag og oppgaver og barnehagen som arena for lek, læring og utvikling.»
  • «Barnehagens dokumentasjon kan gi foreldrene, lokalmiljøet og kommunen som barnehagemyndighet informasjon om hva barn opplever, lærer og gjør i barnehagen.»
  • «Dokumentasjon knyttet til enkeltbarn kan nyttes i tilknytning til samarbeid med hjelpeinstanser utenfor barnehagen når dette skjer i samarbeid og forståelse med barnas foreldre/foresatte.»

(Utdrag frå Rammeplanen for barnehagen, kapittel 4.2)

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan vigjere synleg kva barna har lært?
  2. Kva for informasjon kan vi gi gjennom å dokumentere arbeidet til barna?
  3. Kva er forskjellen på observasjon og dokumentasjon?
  4. Kva kan dokumentasjonen brukast til?
  5. I rammeplanen for barnehagen står det: «Dokumentasjon kan være et middel for å få fram ulike oppfatninger og åpne for en kritisk og reflekterende praksis.» Kva er meint med det?
  6. Del dykk i grupper og gjer intervju på ulike arbeidsplassar. Finn ut kva barne- og ungdomsarbeidaren dokumenterer, og korleis det blir gjort.
    Gjer intervju i barnehage, SFO, skule, ulike tiltak for funksjonshemma og ungdomsklubb.

Relatert innhald

Det er viktig at du kjenner dei lovene og reglane som gjeld innsamling av personopplysingar. Lovverket blir stadig endra, så du må halde deg oppdatert.

Å dokumentere betyr å gjere synleg, underbyggje eller grunngi noko. Gjennom dokumentasjon kan vi få fram det vi har observert og utført i arbeidet.

CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2018

Læringsressursar

Dokumentasjon