Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Planlegg ei reise

Tenk deg at du er lærling i reiselivsfag og får spørsmål om kvifor prisane og vilkåra til dei ulike flyselskapa er så ulike. Vi skal sjå litt meir på korleis ulike flyselskap bruker service og prising av service i marknadsføringa si.
Bilde av et Norwegian-fly som går inn for landing.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ryanair er kanskje det flyselskapet i Europa som får mest omtale i media. Mange har ei meining om korleis selskapet satsar på låge prisar i kombinasjon med avgifter på servicar som mange passasjerar reknar med er inkluderte i billettprisen. Du finn ei oversikt over Ryanair sine avgifter her: Ryanairs billettavgifter

SAS er Nordens største flyselskap og har tradisjon for å handtere både privat- og forretningsmarknaden.

Dei siste åra har spesielt SAS blitt utfordra av Norwegian, spesielt i privatmarknaden. Norwegian har eit service- og priskonsept som ligg mellom Ryanair og SAS.

Du skal planleggje reiser frå Austlandet for tre ulike kundar. Dei kan velje å reise frå Oslo/Gardermoen, eller Sandefjord/Torp. Rutetilbodet kan variere, men sjekk alle dei tre flyselskapa når du løyser desse oppgåvene:

  1. Ein familie med to vaksne og to barn skal reise på ei vekes tur til Gran Canaria. Dei er fleksible med reisetidspunktet. Dei har fire kolli bagasje som må sendast, og dei vil parkere på flyplassen. Dei bestiller på nettet, betaler med VISA-kort og vil helst sitje saman på flyet. Finn totalpris og reiserute.
  2. Ei dame må stille i eit møte i Brussel neste dag. Arbeidsgivaren ser gjerne at ho reiser rimeleg, men vil ikke at dette skal forlengje reisetida hennar. Ho må vere i Brussel klokka 12 og kan returnere klokka 16. Ho reiser med handbagasje, tek buss eller tog frå Oslo sentrum, bestiller på nettet og betaler med VISA-kort. Finn totalpris og reiserute.
  3. Ein sprek pensjonist har lyst å komme seg til Italia eller Frankrike på en sykkelferie i fjorten dagar. Han kan reise når og kvar som helst den nærmaste månaden. Han skal ha med seg sykkel og to kolli bagasje. Han bestiller på nettet og betaler med VISA-kort. Han syklar til den flyplassen på Austlandet som viser seg å være rimelegast. Finn totalpris og reiserute.
  4. Kva meiner du er dei viktigaste årsakene til at dei tre aktuelle flyselskapa har såpass ulike pris- og servicekonsept?
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2017

Læringsressursar

Reiseliv