Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hos kjøpmannen

De skal no finne ut korleis ulike varer blir distribuerte i ein butikk. Arbeid gjerne i grupper på to eller tre, og besøk éin eller fleire lokale butikkar. Hugs å gjere avtale om besøket på førehand, slik at bedrifta er førebudd på at de kjem.
Vareleveranse Puerto Mogan
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under og etter bedriftsbesøket skal de

  • observere og dokumentere ein vareleveranse til butikken
  • intervjue ein leiar eller ein tilsett om innkjøp og distribusjonsstraum av ulike varer
  • lage ein presentasjon som viser kva de har opplevd og lært

Dei fleste daglegvarebutikkar er ein del av ei kjede. Det betyr mellom anna at ein stor del av varene blir distribuerte gjennom kjedeavtalar. Andre produkt, som til dømes mjølk, brød og blomstrar, kan komme med eigne distribusjonsløysingar. Spør kva distribusjonsavtalar butikken har, og finn dei viktigaste skilnadene for ulike varer.

Somme varer blir selde i store kvantum, somme har kort haldbarheit, og somme varer kan liggje lenge i hyllene før nokon kjøper dei. Spør kva rutinar butikken har for å kjøpe inn rett mengd av dei ulike varene – til rett tid.

Relatert innhald

Distribusjon beskriv den informasjons- og vareflyten som skjer gjennom verdikjeda. Her får du ein innføring i ulike sider ved distribusjon.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt