Makt i det internasjonale samfunnet
Makt kan definerast som evna til å nå dei måla ein set seg, om det så er imot andre sine interesser og vilje. Men makt er eit omgrep som kan ha forskjellige definisjonar i ulike samanhengar.
I det internasjonale samfunnet handlar makt om kva moglegheiter ein stat eller organisasjon har til å få gjennom sine ønske og behov. Den tredelinga av makt i lovgivande, utøvande og dømmande som vi finn i demokratiske statar, har vi ikkje i det internasjonale samfunnet. Makt får då ein annan dimensjon:
"I internasjonal sammenheng betyr makt å påvirke andre stater for å få gjennomslag for sin egen stats interesser og verdier i verdenssamfunnet. I det internasjonale samfunnet er det mindre snakk om å ha rett, men heller om få rett."[1]
Dette inneber altså at nokon er gitt rett, og maktbruk kan dermed opplevast urettferdig. Nokon har bestemt at deira avgjerder er meir legitime enn dei andre sine.
Det er viktig å skilje makt frå autoritet. Dersom ein har autoritet, kan ein få gjennomslag for måla sine utan at det skjer mot andre sin vilje. Vi kan seie at autoritet er makt med legitimitet. Det er også viktig å hugse på at makt ikkje alltid er det same som tvang. Tvang er berre ein av måtane ein kan utøve makt på – for eksempel gjennom militær makt. Ein kan også utøve makt ved å overtale eller ved å produsere eller bytte varer.
Utøving av makt
Det å utøve makt krev ofte tilgang til middel. Desse midla kan vere pengar, evna til å ordleggje seg, kunnskap, status og prestisje, nærleik til dei som har formell makt, kontroll over produksjonsmiddel eller kontroll over media.
Kva interesser eit land har når det gjeld naturressursar, for eksempel, er med på å bestemme korleis det landet styrer politikken sin, og korleis det går fram mot andre land som er interessert i dei same naturressursane.
Med mediedekning i dag kan også omdømmet til eit land ha innverknad på maktutøvinga. Statar er generelt sett interesserte i å gjere eit godt inntrykk på andre, og ein krig kan fort svekkje omdømmet til landet. Mange statsleiarar er derfor tilbakehaldne med å bruke militær makt. Fjernsynsbilete frå slagmarka som viser fysiske og psykiske lidingar, kan vende opinionen mot leiarar som tyr til militær vald. Irak er eit døme der verdsopinionen i utgangspunktet var positiv til at USA fjerna diktatoren Saddam Hussein (1937–2006) i Irak. Men etter kvart som okkupasjonen varte i år etter år, og lokale grupper gjorde aktiv motstand, blei verdsopinionen meir skeptisk.
Militær makt
Med militær makt meiner vi militære styrkar. Kor stor den militære styrken til eit land er, har noko å seie for kor stor militær makt det internasjonale samfunnet oppfattar at landet har. Når vi her snakkar om storleik, meiner vi ikkje berre kor mange soldatar eller våpen styrken har, men også kva type våpen. Eit land med langdistanserakettar og atomvåpen vil overgå eit land med mange soldatar.
Dei fleste land held seg med militær makt for å verne seg sjølve mot åtak utanfrå. Militær makt kan også bli brukt som trugsmål eller til konkret å gå til åtak på andre land. I tillegg kan militær makt bli brukt i borgarkrigar. FN-pakta seier at det berre er FNs tryggingsråd som har rett til å bruke militær makt i internasjonale konfliktar. Ein annan stat kan derimot bruke militær makt i sjølvforsvar. FN-pakta strekar under at det er forbode med åtakskrig.
Då USA invaderte Irak vinteren 2003, var det utan støtte frå FN. USA sitt argument var at det fanst masseøydeleggingsvåpen i Irak, og at landet samarbeidde med terrornettverket Al Qaida. I forkant hadde våpeninspektørar frå FN blitt utviste frå landet. Likevel var blant anna både Frankrike og Russland i Tryggingsrådet imot invasjon. Invasjonen var dermed i strid med folkeretten sidan Irak ikkje først hadde gått til åtak på USA.
Økonomisk makt
Økonomisk makt er oftast knytt til rikdom og fordeling av gode. Økonomisk makt kan blant anna vere basert på tilgang til naturressursar eller kontroll over produksjonsmiddel.
Handlekrafta til ein stat heng nært saman med dei økonomiske ressursane staten rår over. Her er ikkje store land alltid meir handlekraftige enn små. Eit døme er Sveits, som er eit lite land, men som har ein så sterk valuta at mange som vil plassere pengane sine trygt, plasserer dei nettopp i Sveits. Tilsvarande utrygt var det i 2016 å plassere pengane sine i russiske rublar eller zimbabwiske dollar.
Eit døme på bruk av økonomisk makt er utestenginga av Russland frå G8-forumet. G8 var eit lukka forum for dei største industrinasjonane i verda, der dei kunne møtast til samtalar for å lette handelen seg imellom. Då Russland invaderte Krimhalvøya i Ukraina i 2014, reagerte dei andre medlemslanda med å stengje russarane ute, og gruppa blei etterpå kalla G7. For Russland fekk det store økonomiske konsekvensar, fordi det gjorde det vanskelegare å handle med andre land.
Når vi utøver makt ved å gi stikkpengar til andre som har makt til å ta avgjerder, snakkar vi om korrupsjon. Pengar «under bordet» gjer at ei avgjerd kan gå i favør av forbrytaren. Korrupsjon gir urettferdige vilkår i ein marknad der ulike leverandørar konkurrerer, fordi dei som har nok pengar til stikkpengar, kan påverke avgjerdene. Korrupsjon fører gjerne også til at du som forbrukar må betale ein høgare pris for varer og tenester.
Ideologisk makt
Ideologisk makt er makt over tankar, verdiar, kjensler og sjølvoppfatning. Vi kan seie at det handlar om å kunne påverke andre utan å bruke økonomisk eller militær makt. Den ideologiske makta ligg i dei omgrepa som gir meining til verda omkring oss. Vi kan seie at ideologisk makt er ei form for mjuk makt eller «overtalingsmakt». Ein aktør kan bruke felles verdiar og tankar for å oppnå støtte og på den måten ha ideologisk makt.
Den kalde krigen mellom 1945 og 1991 var ein ideologisk krig mellom aust og vest. Han blir ofte kalla ein kamp mellom kommunisme og kapitalisme, sjølv om dette er ei kraftig forenkling. Kommunisme er ein politisk ideologi, mens kapitalisme er eit økonomisk system. Det kommunistiske og planøkonomiske Sovjetunionen hadde ideologisk makt i Aust-Europa og brukte ideologien for det han var verd. Det same gjorde det demokratiske og kapitalistiske USA innanfor si interessesfære i Vesten. Det blei ein kamp mellom ulike økonomiske system, politiske idear, normer og kulturelle uttrykk.