Fagstoff

Slik arbeider de med opne oppgåver i BUA-faget

Publisert: 03.05.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Planleggje

Gjennomføre

Vurdere

Dokumentere

Teikning av gut som skriv. Illustrasjon.Det er viktig å planleggje godt
Opphavsmann: Knut Høihjelle
 

 

 

Slik arbeider de med opne oppgåver

De kan sjølve velje kva for kompetansemål de tek med, og kva for faglege tema de vil trekkje inn. Di fleire kompetansemål og tema de tek med, di betre får de vist den heilskaplege kompetansen dykkar. De kan finne forslag til aktuelle kompetansemål og fagstoff i dei andre oppgåvene i denne yrkessituasjonen.

De skal

  • planleggje kva de skal gjere
  • gjennomføre oppgåva i tråd med planen
  • vurdere korleis det gjekk
  • dokumentere heile prosessen

 

Kvar enkelt av dykk skal

  • vurdere kvaliteten på arbeidet sitt
  • vurdere si rolle i gruppa
  • vurdere kva de har lært
  • vurdere kvar de står når det gjeld dei valde kompetansemåla

 

De skal saman vurdere

  • korleis gruppa har fungert
  • korleis gruppa har fordelt oppgåvene
  • korleis leiinga av gruppa har fungert

Tips

  • Bruk gjerne aktivitetsplanleggjaren i planleggingsfasen.
  • Bruk dokumentasjonsverktøyet for å dokumentere eige arbeid.