Fagstoff

Personal forteljar

Publisert: 11.02.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Dramatikk

Som ein motsetnad til den autorale forteljaren som står utanfor handlinga, kan vi sette opp den personale forteljartypen. Denne kan enklast kjennast att på bruken av personleg pronomen som ”eg” i omtalen av seg sjølv.

_______________________________________________________________________________

Sidan det også finst eksempel på autorale forteljarar som bruker personleg pronomen om seg sjølv, må vi også slå fast at ein personal forteljar sjølv er med i handlinga, han er altså ein del av det det blir fortalt om. Det betyr likevel ikkje at han treng vere ein hovudperson, han kan godt vere ein bi-person og mindre sentral i historia, eller han vere redusert til å vere berre eit "vitne" til det det blir fortalt om.

Frode Grytten si novelle "Eg blir her, eg drar ikkje" frå novellesamlinga med same namn inneheld eksempel på ein slik forteljartype: 

”Eg går fram i baugen på ferja. Det luktar tang og sjø. Eg går ikkje ned i salongen, orkar ikkje. Eg blir ståande ute på dekk”.1 

Her ser vi at den som fortel og den det blir fortalt om er ein og same person. I dette tilfellet er forteljaren også den sentrale personen i handlinga. På den måten får vi også betre kjennskap til kva og korleis denne tenkjer og føler. Synsvinkelen er lagt til denne forteljaren, og det er denne vinkelen lesaren også må rette seg etter. I dette tilfellet er den som fortel også deltakande i hendingane det blir fortalt om. Då seier vi at forteljaren er dramatisert.

modell  

Men forteljaren kan også vere udramatisert – då er han ikkje ein del av det fortalte. 

I skriftlege fiksjonstekstar står ein fritt til å velje mellom autoral og personal forteljar. Det gjer ein for så vidt også i fiksjonsfilmar, men generelt kan vi seie at autorale forteljarar er mest vanleg her. Eitt unntak frå dette kan vi sjå i Robert Montomery si filmatisering av Raymond Chandler sin roman Lady in the Lake.

I denne filmen følgjer vi hovudpersonen Phillip Marlowe truleg så tett som det let seg gjere. Sjåaren ser, høyrer og til ein viss grad opplever det same som hovudpersonen. Også tankane hans får vi kjennskap til.

Vi kan ikkje setje opp reglar for kva tid det skal brukast autoral forteljar og kva tid det skal brukast personal forteljar. Det som er viktig å tenkje på er at val av forteljar får nokså store konsekvensar for teksten og ikkje minst dei som skal lese han. Vi får til dømes eit tettare forhold til og eit meir personleg innblikk i personane om vi vel ein forteljartype, og i nokre forteljingar er nettopp det eit viktig poeng. I tekstar som til dømes tek opp nære og intime tema kan ein personal forteljar legge fram opplysningar og fange stemningar som ein autoral forteljar ikkje utan vidare kan. I mange tekstar føregår også hovudhandlinga på eit indre plan – i sjelelivet til personane. Også i slike tekstar vil ein personal forteljar ha eit føremon.

Ein autoral forteljar gjev derimot teksten eit meir dokumentarisk preg og framstår som objektiv. Han er også ofte opnare for lesaren – det er færre føringar i teksten og i større grad blir det opp til kvar einskild lesar å danne seg eit bilete av personane.

Skjemaet nedanfor oppsummerer skilnaden mellom dei to formene for forteljar. 

Forteljartype

Deltar i historia

Pronomen/tiltale

Forhold til det fortalte

Eksempel

Autoral

   Nei

  3.pers: han, dei... eller  særnamn Objektivt"Guten gikk for å opne, men bråstansa då han kom ut på glasverandaen."

Personal

   Ja 1.pers: eg, min... Subjektivt"Eg går ikkje ned i salongen, orkar ikkje."
Relatert innhald