Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: vasskvalitet

Livet i havet er tilpassa saltvatn, og livet i fjøra er tilpassa miljøtilhøva der. Vasskvalitet kan forklarast som dei fysiske og kjemiske parametrane i havet, og inkluderer forhold som siktedjup, pH, temperatur og saltinnhald.
Bølgjer slår inn mot steinar i fjøra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I denne oppgåva skal de kartleggje vasstilhøva både i overflata og lenger nede i vassmassane i ekskursjonsområdet dykkar.

Innleiing

Næringstilhøva endrar seg gjennom året, både gjennom naturlege svingingar og som eit resultat av menneskeleg aktivitet. Overflatevatnet blir tilført næringsrikt vatn frå havdjupa om våren og hausten, og avrenning av næringsrikt ferskvatn frå jordbruksområde kan òg tilføre næring. Variasjonar i næringsinnhaldet vil ein ofte kunne observere som variasjonar i planktonsamansetjinga, noko som igjen påverkar vassfargen og siktedjupet.

Auka konsentrasjon av karbondioksid i atmosfæren vil føre til at mengda karbonsyre i havet aukar, som igjen fører til at pH-verdien i havet søkk. Det kan ha dramatiske konsekvensar for planktonorganismar og for næringskjedene. I miljøsamanheng er det sentralt å overvake vasskvaliteten.

Framgangsmåte

Vasstemperatur

  1. Over ripa på ein liten båt held to hender opp ein vasshentar. Han består av ein rund glaskolbe som er festa i ein vaier. Vasshentaren er full av grumsete, gult vatn. Foto.

    Bruk termometer og mål temperaturen til overflatevatnet. Noter resultatet.

  2. Bruk vasshentaren, og hent ei vassprøve frå litt djupare vatn, om lag 5 meter ned. Mål temperaturen i prøva. Noter resultatet.
  3. Ta vare på litt av vassprøva i eit plastglas, som de fyller heilt fullt og lukkar med tett lok. Merk glaset.
  4. Hent ei prøve frå endå større djupne, til dømes frå 10 eller 15 meter, og mål temperaturen. Noter resultatet.
  5. Ta vare på litt av vassprøva i eit plastglas, som de fyller heilt fullt og lukkar med tett lok. Merk glaset.

pH

Ut frå eit svart, firkanta apparat går det leidningar til to måleinstrument som er festa i eit stativ og dyppa ned i vatn i eit plastglas. Skjermen på pH-meteret viser 5,37. Foto.

For å måle pH-verdien treng de eit elektronisk pH-meter. Elektroden må på førehand vere nøyaktig kalibrert, og de må ha lært å bruke apparatet.


  1. Mål først pH-verdien i overflata. La verdien stabilisere seg før de noterer resultatet.
  2. Gjer målinga på nytt i ei ny vassprøve for å kontrollere.
  3. Bruk deretter vassprøvene de henta i temperaturmålinga. Skyl elektroden med litt av vatnet frå prøva, og mål så pH-verdien. La verdien stabilisere seg før de noterer resultatet.
  4. Gjer same målinga for alle vassprøvene de har samla, og ta to parallelle målingar av kvar prøve.

Saltinnhald

Saltinnhald er eit mål på det totale saltinnhaldet i vatnet. Salta vil vere oppløyste i dei iona dei består av. Klorid (Cl), natrium (Na+), magnesium (Mg2+), sulfat (SO42–) og kalsium (Ca2+) er nokre av dei vanlegaste. Vi oppgir saltinnhald i promille (‰) eller gkg.

Leiingsevnemålar/konduktivitetsmålar

Når vi bruker ein leiingsevnemålar, måler vi kor stor evne vatnet har til å leie straum. Vatn med høgt innhald av oppløyste salt har høgare leiingsevne enn vatn med lågt innhald av oppløyste salt.

  1. Overfør ei vassprøve til eit glas.

  2. Mål leiingsevna med ein leiingsevnemålar.

  3. Mål temperaturen i vatnet.

  4. Gjer dette med vassprøver både frå overflata og frå andre djupner for å kunne samanlikne.

  5. Berekn saltinnhaldet ved å bruke ein kalkulator på nettet.

Conductivity to Salinity Conversion

Densimeter

Med eit densimeter kan vi måle vasstettleiken og rekne om til saltinnhald. Vatn med høgt saltinnhald har høgare tettleik enn vatn med lågt saltinnhald.

Meir om densimeteret

Densimeteret er laga av glas og har ein skala som viser eigenvekt (oftast i gramcm3). Destillert vatn vil ha ei eigenvekt på 1,000 gcm3, mens sjøvatn med eit saltinnhald på 35 promille er tyngre og vil ha ei eigenvekt på 1,023 gcm3 (ved 25 °C). Tettleiken er avhengig av temperatur, og måleresultatet må reknast om til saltinnhald (promille) ved hjelp av ein omrekningstabell.

Eit densimeter flyt i brunt vatn i eit reagensrøyr. Foto.

  1. Fyll målesylinderen med éin liter vatn.
  2. Mål først temperaturen på vatnet nøyaktig, og noter.
  3. La densimeteret flyte i målesylinderen, og les av eigenvekta til vatnet nøyaktig på skalaen. Noter.
  4. Gjer dette med vassprøvere frå overflata og frå andre djupner for å kunne samanlikne.

Vassfarge

Fargen på sjøvatnet er avhengig av miljøforholda. Om våren og hausten, når oppblomstringa av planteplankton er på sitt høgaste, kan vatnet vere grønt eller brunt, mens det om vinteren ofte er krystallklart.

  1. Fyll ein blank målesylinder eller eit begerglas med sjøvatn, og set det på eit kvitt underlag.
  2. Fyll ein annan, lik målesylinder (eller eit begerglas) med destillert vatn. Sjå ned i målesylindrane rett ovanfrå.
  3. Skildre fargen på sjøvatnet når de samanliknar med fargen på det destillerte vatnet. Ta bilete, eller skildre.
  4. Gjer det same med vassprøver henta frå ei eller fleire andre djupner.
Ei kvit sikteskive på tur ned i vatnet. Foto.

Ein annan måte å registrere vassfarge på er å bruke ei sikteskive:

  • Senk sikteskiva til ho forsvinn.
  • Registrer kor djupt dette er, og hal skiva halvvegs opp til overflata. Fargen vatnet over sikteskiva har no, kan brukast som eit godt mål på vassfarge.

Siktedjup

Når de skal måle siktedjup, er de avhengige av å vere ein stad der det er ganske djupt, helst djupare enn 15 meter.

  1. Bruk ei 30 cm brei kvit skive som er festa på eit tau eller ein vaier. Tauet har knutar for kvar meter og eit lodd i enden under skiva.
  2. Senk skiva ned i vatnet heilt til ho akkurat forsvinn, og trekk ho så litt opp til de så vidt kan sjå ho. Talet på meter de har senka tauet, er lik siktedjupet.

Til ekskursjonsrapporten

Vasstemperatur

  • Korleis var forskjellane i temperatur når de gjekk djupare ned?
  • Framstill resultatet grafisk.
  • Stemte resultata med det de hadde venta?

pH

  • Kva viste måleresultata dykkar?
  • Var det nokon forskjell på pH-verdien ved overflata samanlikna med djupare nede?
  • Kvifor har sjøvatn i teorien tilnærma lik pH-verdi overalt?
  • Korleis har pH-verdien i havet utvikla seg gjennom dei siste tiåra?
  • Kva samanheng er det mellom CO2-konsentrasjonen i atmosfæren, oppløyst CO2 i havet og pH-verdien i havet?
  • Kvifor er planktonorganismar med kalkskal sårbare dersom pH-verdien i havet søkk?

Saltinnhald

  • Kva for eigenvekter målte de på dei forskjellige vassdjupnene?
  • Vis korleis de bruker tabell for å rekne om til saltinnhald i promille.
  • Noter eigenvekt, temperatur og saltinnhald i ein tabell, og framstill resultata grafisk.
  • Kan de finne ut kva det gjennomsnittlege saltinnhaldet i havet er?

Vassfarge

  • Skildre vassfargane ved ulike djupner, og illustrer med eventuelle bilete de tok.
  • Kva meiner de er årsaka til at vatnet er farga eller ikkje?

Siktedjup

  • Forklar kva vi meiner med siktedjup, og korleis vi kan måle det, og presenter resultatet av målingane for klassen dykkar.
  • Kva kan vere årsakene til at vatnet er misfarga eller svært klart?
  • Kva har siktedjupet å seie for livet i havet?

Forvaltning og forsking

  • Kvifor er slike målingar viktige i forvaltninga av vatn og vassdrag?

  • Korleis bruker forskarar slike målingar?

  • Finn ut kva vi meiner med grunnforsking. Forklar kvifor det å gjere slike målingar er rekna som grunnforsking.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2021

Læringsressursar

Havet