Oppgåve: Feltoppgåve

Tang- og tarestrender

Publisert: 02.02.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Somme stader langs kysten vår blir store mengder tang og tare skylde på land ved uvêr. Tangen samlar seg i store haugar der han blir liggjande og rotne. Her myldrar det av liv!

Til denne feltoppgåva treng du:

 


  • digitalt termometer
  • måleband
  • hanskar
  • støvlar eller vadestøvlar
  • sikkerhetsline
  • plastglas med lokk
  • pinsettar
  • fuglebok
  • kamera
  • kamuflasje(?)

 

SteinvenderSteinvendar (Arenaria interpres) er ein vadefugl som liker å beite i taren.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

Steinvendere beiter fra tareSteinvendarar beiter i tang som er skyld i land. Kor mange fuglar kan du oppdage på biletet?
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

PASS PÅ!
Store haugar med ròten tare kan vere ei felle! Du kan lett sige under til livet eller lenger. Bruk sikringsline!

 

 

Tarestrand på JærenTarestrand på Jæren.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

Lerke på tangEi lerke beiter på tang.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

Fugler beiter på tang og tare på Revkangen på JærenFuglar på Revtangen på Nord-Jæren. Her beiter lappspove, stær og polarsnipe på gammal tang og tare som er skyld i land. Særleg om hausten når trekkfuglane er på veg sørover, kan fuglelivet omkring tangsamlingar vere usedvanleg rikt.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
Taravika på KarmøyTaravika på Karmøy. I denne vesle vestvende bukta samlar det seg store mengder tang og tare om hausten.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

Tang og tare er næringsrikt, og den rotnande tangen utviklar seg snart til eit spiskammer av næring for mange andre organismar. Nede i tangen myldrar det av små krepsdyr, insektlarvar og ikkje minst av bakteriar som bryt ned algane. Bakteriane er usynlege for auga, men lukta frå nedbrytinga er lett å merke.

Viktig næringsressurs for trekkfuglar

Mange fugleartar finn næring blant den rotnande tangen. Særleg tidleg på våren (mars/april) og ved hausttrekket (september) kan fuglelivet på rotnande tare vere svært rikt. Då kan ein observere fugleartar som vanlegvis ikkje held til i området, men som no fråssar i næring langs trekkruta.

Eksponert fjære på JærenEksponert fjøre på Jæren. Her har tang og tare samla seg innimellom rullesteinane.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

Undersøk tangen

I denne oppgåva skal du undersøkje livet i og ved rotnande tang.  Eit viktig førearbeid er å setje seg inn i dei vanlegaste fugleartane som finst i området ditt, og som passerer som trekkfuglar på våren og hausten. Kontakt Norsk Ornitologisk Forening og lokallag i området ditt. Miljøvernstyresmaktene i fylket og kommunen kan òg kanskje hjelpe. Lag ei artsliste, og les om artane i fuglebøker og på Internett.

Ta til med å beskrive korleis området ser ut, og gjer ei berekning av kor mykje tang som er skylt på land. Det kan du gjere ved å anslå lengd, breidd og høgd på tanghaugen og så rekne ut volumet. Skildre òg korleis området luktar, og korleis konsistensen av tangen er. Pass på: Når du trør i rotnande tang, kan du sige langt ned – ver forsiktig, bruk sikringsline!

Bruk eit elektronisk termometer, og grav temperaturfølaren så langt ned i tangen du kan. Les av temperaturen etter ein halv time. Samanlikn med temperturen like under tangoverflata og med lufttemperaturen. Noter.

Leit i tangen etter smådyr. Samle inn det du finn, legg dyra på små glas, og undersøk dei seinare. Noter, og ta bilete. Ta prøvar av tangen med tilbake til skulen, og sjå på desse i lupe (og eventuelt i mikroskop). Noter, og vis tangprøvane for klassen i videolupe.

Fugleobservasjonar

Observer og registrer fuglelivet ved tangen. Kamufler deg godt anten ved å bruke kamuflasjetelt, kamuflasjeduk eller ved å gøyme deg i terrenget. Bruk klede med naturfargar slik at du blir naturleg kamuflert. Bruk finlandshette dersom du har fordi synet av eit ansikt lett skremmer fuglane. Ver tolmodig, og observer fuglar ved og på tangen heile skuledagen. Dersom du startar grytidleg om morgonen, vil du nok få det beste resultatet. Bruk artsliste og tel talet på individ av artar du kjenner. Bruk også kikkert, men pass heile tida på at du er stille og i ro.

Til ekskursjonsrapporten:

Skildre området generelt og av tangen spesielt. Ta med bilete. Ver nøye med å skildre korleis tangen ser ut og luktar. Kom inn på næringskjeder og på nedbrytarar. Hugs å ta med resultat av temperaturmålingar. Kvifor blir det varmt nedi tangen? Presenter dyr de fann i tangen. Prøv å setje opp eit enkelt næringsnett. Presenter fugleartar de observerte og klarte å artsbestemme. Lag ei arts- og talliste. Sjekk om Norsk Ornitologisk Forening har observasjonar frå området de besøkte.

Oppgåver

Praktisk stoff for

Relatert innhald

Generelt