Fagstoff

Erikson sine psykososiale stadium

Publisert: 08.09.2009, Oppdatert: 03.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Hugselappen

Alle vert påverka av miljøet dei veks opp i. Det er vaksne sitt ansvar at barn veks opp i eit trygt og godt miljø. Ulike typar hendingar i barndomen påverkar oss resten av livet.

 

 

To hender omkranser et hjerte. Illustrasjon.Kjærleik 

 

mann som holder et spørsmålstegn framfor annsiktet.foto.  

Mange har forska på og skrive om utviklingspsykologi. Her presenterer vi kort Erik Erikson sin teori.

Eriksons psykososiale stadium – mennesket sine åtte aldrar

Erik Homburger Erikson (1902-94) vart fødd i Danmark, men voks opp i Tyskland og flytta som vaksen til USA. Han var oppteken av barn og unge si utvikling og da særleg ungdommen sine problem. Som psykolog er han særleg kjend for teorien sin om personlegdomsutviklinga, det vi kallar Eriksons psykososiale stadium. I følge Erikson utviklar personlegdommen seg i åtte fasar knytt til bestemte alderstrinn, og han kalla fasane mennesket sine åtte aldrar. Kvar fase inneheld kriser og moglegheiter. Erikson var spesielt oppteken av den kjensmessige og sosiale utviklinga til barnet, og han la stor vekt på betydninga av det miljøet barnet veks opp i.

0-1½ år: Grunnleggende tillit eller mistillit

 Far og barn.foto.Far og barn 

 Jente som et spaghetti. Foto.Ete  spagetti  

 Eit barn leikar med ein voksen i ein rutsjebane. Foto.Tryggleik  

 

Eit barn som opplever at vaksne dekkjer dei behova det har og gir det omsorg, vil utvikle ein grunnleggjande tillit til andre menneske. Barn som veks opp med vaksenpersonar som ikkje klarer denne oppgåva, kan få vanskar med å stole på menneske og seinare i livet. Det å ha dei same vaksenpersonane rundt seg over tid er og viktig for å utvikle grunnleggjande tillit. Erikson hevda at dette er den aller viktigaste fasen i barnet sitt liv.

1½-3 år: Sjølvstende eller tvil

Barnet har no lært seg ei rekkje nye dugleikar, men treng framleis hjelp til mange ting. Det er viktig at det får prøve ut viljen sin og får oppgåver som det meistrar. Når barnet meistrar oppgaver og får positive tilbakemeldingar, utviklar det tryggleik knytt til eigen vilje og eigne evner. Eit barn som opplever det motsette, kan bli mindre sjølvstendig. Det same kan skje viss barnet stadig får utfordringar det ikkje har føresetnader til å meistre, eller viss det får mye kritikk. Barnet kan bli usikkert og tvile på si eiga evne til å meistre oppgåver. Denne tvilen kan følgje barnet inn i vaksenlivet.

3-6 år: Initiativ eller skyldkjensle

I denne perioden er barnet nyfike og vil gjerne prøve nye oppgåver. Barnet vert stadig meir klar over seg sjølv som eit eige individ. Dersom barn skal få tru på seg sjølve og seinare vise initiativ, er det viktig at dei får lov til å prøve ut ulike sider ved seg sjølve. Dette skjer gjerne gjennom leik og aktivitet. Sjølv om barn treng foreldre som set grenser for seg, er det viktig at det ikkje vert for mange grenser. Når barnet meistrar nye aktivitetar, styrkar barnet sjølvkjensla si. Ved hjelp av grensesettinga frå dei vaksne lærer barnet kva som er rett og gale. Skuldkjensla vert utvikla i denne perioden, og barnet får skuldkjensle dersom det har gjort noko gale. Vert barnet stadig irettesett og får vite at det han eller ho gjer er gale, kan barnet utvikle skuldkjensle og bli passivt. Utvikling av kjønnsidentitet er ein viktig del av denne fasen, og denne identitet er knytt til forståinga av seg sjølv som jente eller gut.

6-12 år: Arbeidsevne eller mindreverd

 En jente leker i snøen. Foto.Leik i snøen 

 Et kjærestepar. Foto.Intimitet  

Venner blir no viktigare for barnet, og det byrjar på skolen. Barnet vil i stadig større grad bli kritisk til eigne evner og prestasjonar, og det vil samanlikne seg med andre barn. Barnet treng ros og positive tilbakemeldingar for å få tru på eigne prestasjonar. Det er viktig at barnet får oppgåver som det har føresetnader for å meistre. Korleis omgivnadene reagerer på det barnet gjer, er avgjerande for om det opplever seg sjølv som dyktig og kompetent eller om det får ei kjensle av å ikkje strekke til. Opplevinga av å ikkje strekke til kan føre til at barnet føler mindreverd. Det er viktig å styrkje dei sterke sidene hos barnet slik at det kan utvikle arbeidsevne og tru på seg sjølv.

Ungdomstid: Identitet eller rolleforvirring

Dette er ein fase med store endringar og utfordringar for individet. Dei unge må finne ut kven dei er og kva dei står for, for å kunne akseptere seg sjølve og for å få det godt. Både omgivnadene og dei unge sjølve forventar at dei skal rive seg laus frå foreldra og ta stadig større ansvar for sine eigne liv. Det er viktig at oppgåvene og ansvaret aukar i takt med at ungdommen vert moden og utviklar seg. Saman med positive tilbakemeldingar og ros frå omgivnadene gir det grunnlag for ei positiv identitetsutvikling. Dersom omgivnadene stiller krav og har forventningar som stemmer dårleg med utviklingsnivået og det biletet den unge har av seg sjølv, kan det føre til rolleforvirring og identitetsproblem.

Unge vaksne: Intimitet eller isolasjon

Dette er den første fasen som vaksen. På kva for måte ein møter utfordringar i denne fasen, har samanheng med korleis ein har hatt det tidlegare i livet. Har ein ein tryggleik knytt til eigen person og i høve til menneske rundt seg, vil ein i denne fasen kunne gi og ta imot nærleik og kjærleik. Dette er avgjerande eigenskapar både for nære vennskap og kjærleiksforhold. Dersom ein fryktar for nærleik eller opplever det trugande å sleppe andre menneske innpå seg, kan ein ende opp med å isolere seg. For nokre menneske kan isolasjon føre til psykiske problem.

Vaksne: Utvikling eller stagnasjon

 Fire skikkelsar samarbeider om eit byggverk. Illustrasjon.Teamarbeid  

Eldre mann med hatt. Foto.Alderdom 

Vaksne menneske har behov for å føle at dei er til nytte, til dømes ved å gi omsorg til menneske dei har eit nært tilhøve til eller ved å ha ein meiningsfull jobb. Det å skape noko for neste generasjon, å setje spor etter seg, er også meiningsfullt for mange. Når mennesket kjenner at det er til nytte på eitt eller fleire område, opplever det å vere i utvikling. Det motsette er ei kjensle av å stagnere eller stoppe opp. Nokre opplever dette når barna flyttar ut, når dei eventuelt mister jobben eller når dei ikkje lenger er i stand til å ta del i fritidsaktivitetar.

Alderdom: Integritet eller fortviling

Integritet betyr heilskap. Erikson meinte at gamle menneske tenkjer gjennom livet – korleis det har vore og kvifor det vart som det vart. Integritet er å sjå livet i ein større samanheng og akseptere at det vart slik. Den gamle føler at det ho har gjort, har ei meining, og ho aksepterer dei vala ho har teke. Ho kan da oppleve ein god og roleg alderdom og godta at livet nærmar seg slutten. Det motsette er å oppleve ei fortviling over at livet har gått frå ein, at ein har teke feil val og ikkje er nøgd med livet slik det vart.

Oppgåver
Relatert innhald