Når vi snakkar om dei fire transportformene, blir infrastruktur det som må vere på plass for at dei fire transportsystema skal fungere. Kva må til dømes til for at eit Norwegian-fly skal kunne ta av frå Flesland og lande trygt på Sola? Kva må til for at eit vogntog frå Schenker skal kunne kjøre frå Vesterålen til Paris med fisk?
I stor grad er infrastruktur noko styresmaktene i eit land har ansvar for. På grunn av høge kostnader og ulike interesser blir det nesten alltid politisk usemje om investeringar i samferdselsmessig infrastruktur.
Godsterminalar
Alle dei fire transportformene har eigne godssystem der terminalane både skal tilpassast godstype, lokale kundar og overføring til og frå andre transportformer. Mange terminalar må også ta omsyn til at det same transportmiddelet skal brukast til å transportere både passasjerar og gods.
Multimodale transportar
Når fleire ulike transportformer er involverte i ei godssending, har vi det vi kallar ein multimodal transport. Den viktigaste årsaka til at kundar og transportørar vel ei multimodal transportform, er at ho utnyttar transportkapasiteten og reduserer kostnadene. Ofte blir også framføringstida raskare.
Eit typisk døme på ein multimodal transport er når ein lokal distribusjonsbil hentar ei sending hos ein kunde i Molde, lastar henne saman med anna gods i ein container på terminalen på Åndalsnes og sender containeren med tog til Drammen. Her blir sendinga broten ned, og den siste delen går med distribusjonsbil til Kongsberg.
Lastberarar
Lastberarar er vanlegvis standardiserte system som vernar, emballerer og gjer at handteringa blir effektiv. Containeren i det førre dømet kallar vi ein lastberar. Europallen er ein annan utbreidd lastberar.
Handteringsutstyr
Det å kunne losse, laste og handtere gods effektivt er ein av dei viktigaste terminalfunksjonane. Mange godshandteringar er svært krevjande og stiller store krav til både kompetanse og utstyr. Kranbilar og ankerhandteringsfartøy er to slike døme.
Gaffeltruck og jekketralle er kanskje det mest utbreidde handteringsutstyret. Jekketralla har du sikkert allereie prøvd på skulen eller ute i praksis.