Hopp til innhald

Fagstoff

Distribusjon

Distribusjon beskriv den informasjons- og vareflyten som skjer gjennom verdikjeda. Vi vil komme nærmare inn på ulike sider ved distribusjon, som til dømes lager, transport og godshandtering. Men først skal vi forklare nokre sentrale omgrep, og vi vil vise tre ulike måtar å drive distribusjon på.

Lastebil fra Tine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er distribusjon?

Distribusjon blir ofte definert som «alle dei aktivitetane og tiltaka ei bedrift set i verk for å organisere og påverke varestraumen frå produsent til sluttbrukar». Det betyr at distribusjonsomgrepet mellom anna omfattar transport, lagring, overføring av informasjon og betaling ved overføring av eigedomsrett.

Digital distribusjon

Du har kanskje allereie lese og arbeidd med temaa trafikktryggleik og samferdsel? I tilfelle kjenner du allereie godt til dei fire transportsystema veg, luft, bane og sjø. Om ein skulle skrive alle lærebøkene om logistikk på nytt, ville ein nok sagt at det ikkje er fire transportsystem, men fem.

Den digitale informasjonsflyten, spesielt via Internett og mobilnetta, har utvikla seg til å bli ein svært viktig distributør av både informasjon og tenester. Kanskje er den digitale informasjonsflyten i dag like viktig som dei fire tradisjonelle transportsystema til saman?

Distribusjonskjeder

Det sentrale ved distribusjon er at spesielt fysiske varer krev fysisk transport i alle ledd. Det er ikkje mange varer som blir produserte av éi enkelt bedrift som er uavhengig av andre. Når fleire bedrifter er involverte i arbeidet med å bringe vara fram til sluttbrukar, har vi ei distribusjonskjede. Lat oss bruke tre døme frå frukostbordet som viser korleis distribusjonskjeder kan fungere i praksis.

TINE

Mjølk i kjøleskap.

Mjølk har lenge vore ein viktig del av norsk kosthald. Samtidig er det slik at nøgde kyr og bønder utgjer den økonomiske ryggrada i ei rekkje norske bygdesamfunn. Slik blir det ekstra viktig å ha eit distribusjonssystem som når heile landet – 365 dagar i året.

Éi av desse bøndene er Eva. Garden hennar har 42 mjølkekyr og ligg i Lom kommune, og Eva leverer mjølk til Lom og Skjåk meieri. Tre dagar i veka hentar tankbilsjåfør Ådne mjølk hos Eva. Han har ei dagleg kjørerute på om lag 60 kilometer og er vanlegvis innom rundt 30 ulike gardar. Ådne er tilsett ved transportfirmaet Lesja Bilruter, som har fleire tankbilar av same type.

Meieriet er spesialisert på å produsere heilmjølk og Gudbrandsdalsost. Det betyr at produkta som blir laga av mellom anna mjølk frå garden til Eva, både blir brukt lokalt og blir spreidd over heile landet.

Grupo Fischer

Biletet viser appelsinar

Det brasilianske konsernet Grupo Fischer er ein av dei største produsentane av appelsinjuice i verda. Her er distribusjonskanalen svært ulik frå mjølk. Appelsinane blir hausta, pressa til juice og tilsett konserveringsmiddel. Dei største voluma blir deretter frakta med spesialbygde tankskip til hamneanlegg i Japan, USA og Belgia, der juicen blir pumpa rett inn i produksjonsanlegga til konsernet sine tapperi. Om du føretrekkjer juice med fruktkjøt, er den juicen du drikk, temmeleg lik den du ville fått om du tok ein smaksprøve om bord på juicetankaren «Carlos Fischer».

Dagen blir ikkje heilt den same …

Bildet viser en forside av VG

Mange likar å lese avisa medan dei et frukost. Anten du les lokalavisa eller ei riksdekkjande avis, er det eit produkt med svært avgrensa haldbarheit. Nesten utan unntak blir avisene selde og lesne den same dagen som dei kjem ut. Når vi tenkjer på at avisa skal dekkje hendingar til langt utpå kvelden dagen før utgiving, blir krava til rask og effektiv distribusjon svært høge.

I papirutgåva av VG set ein vanlegvis strek for det redaksjonelle arbeidet klokka 22.00. Det er altså fristen journalistane har for å levere ferdig stoff til desken, som set rykande ferske artiklar og reportasjar saman med anna innhald. Klokka 22.30 skal deskarbeidet vere ferdig, og klokka 24.00 blir den første avisa trykt. VG har trykkjeri på seks ulike stader, og distribusjonen frå dei ulike trykkjeria skal sikre at alle stader i Noreg får avisa neste dag. Om lag 80 % av alle i Noreg har avisa tilgjengeleg før klokka 09.00.

Ein slik distribusjon hadde ikkje vore mogleg utan det vi i innleiinga kalla den femte transportforma. Ved å overføre avisa digitalt til trykkjeri utanfor Oslo og Noreg, kan VG nå alle dei stadene der det er nordmenn nok som ønskjer å kjøpe avisa.

Ikkje alle avisene blir selde, og attvinningssystemet er nesten like viktig som den delen av distribusjonen som sender avisene ut til utsalsstadene.

Relatert innhald

De skal no finne ut korleis ulike varer blir distribuerte i ein butikk.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt