Oppgåve: Feltoppgåve

Fjellet

Publisert: 03.02.2011, Oppdatert: 01.08.2017
Besseggen

Noreg er eit fjelland. Fjell og stein har vi mykje av. Frå havkanten stig Noreg opp til nesten 2500 meter over havet. Etter kvart som vi flytter oss høgare, endrar landskapet, floraen og faunaen seg. Det blir kaldare og meir vêrhardt. Dei store trea som veks så tett mange stader i låglandet, blir erstatta av lågtveksande artar når vi går til fjells, og etter kvart som vi kjem høgare, forsvinn desse òg. Tre og buskar blir erstatta av lågtveksande grastuer og lav, og høgast opp er det berre stein og snø tilbake.

Skal hilse fra fjellet


Skal hilse fra fjellet
jeg kommer med bud;
det lyste så herlig der inne.
På floene vogga myrduna brud,
mens vindene lekte så linne.

 

Det lét i kvar busk, det var slikt et kor,
og sang til mitt øre seg søkte.
Og rypa, min elskede, møtte mitt spor,
hvor sti langs med bekken seg krøkte.


Det glitret i stryket, det blinket i vak,
og gleden i brystet mitt bruste.
Over aurete botn storfisken rák,
mens fjellbrisen vasskorpa kruste.


Værhardt sto fjellbjørka, vindvridd og låg,
men nevera trivelig smilte.
Og under dens lauvheng med glede jeg såg,
at villrenen stille seg kvilte.


Skal hilse fra fjellet – det evige land,
hvor moskus og jerven har bolig.
Min lengsel dit inn er blitt som en brann.
Kun der får jeg fred og blir rolig.

 

Jon Østeng Hov

Elevgruppe står på vei og ser på tregransa.Ved Knaben i Vest-Agder ligg tregrensa på om lag 800 moh. Her er nokre elevar på ekskursjon, og vi ser korleis fjellbjørka forsvinn i bakgrunnen. 
Sjø, fjell og himmel.Ved Båtsfjord i Finnmark finst det ikkje tre i det heile, her ligg tregrensa på tilnærma 0 moh. 
Enslig telt blant stein og snø.Mellomalpin fjellsone om lag 1250 moh. på Aurlandsfjellet i Sogn og Fjordane. 
Gråur.Høgalpin fjellsone ved cirka 1700 moh. i Jotunheimen nær Besseggen. Her er det ikkje mykje vegetasjon tilbake. 
Hvite blomster i karrige omgivelser.Issoleie (Ranunculus glacialis) er ein av dei plantane som veks høgast oppe i Europa, og kan vekse heilt opp til 4200 moh. 
Lavbevokst stein i ur.Lav veks på steinane i den høgalpine fjellsona i Jotunheimen. Den gule arten er kartlav. Rhizocarpon geographicum er ofte dominerande i store fjellområde sidan annan vegetasjon ikkje trivst så høgt. 
Tre elever sitter på huk.Tre elevar studerer livet i fjellet. 

Bruk av digitale kart i feltarbeid.

Tregrensa

”Fjellet” definerer vi vanlegvis som området over tregrensa. ”Tregrensa” er der trea sluttar å vekse fordi vekstforholda er for dårlege, slik som for låg temperatur eller mangel på fukt. Hos oss varierer det mykje kvar tregrensa går, og det er fjellbjørka (saman med rogn, furu og gran) som klatrar høgast opp, og som dannar vegetasjonsgrensa mot fjellet.

Trea veks høgare der det er massive fjell, slik som i Jotunheimen, mens tregrensa søkk når vi nærmar oss havet. I Noreg kan vi grovt sett rekne tregrensa frå 0 til cirka 1200 moh. I delar av Finnmark veks det nesten ikkje tre i det heile, og tregrensa ligg her på tilnærma 0 moh., mens ho i Troms strekkjer seg opp til 100–200 moh. I det sentrale Sør-Noreg (nærmare bestemt i Utladalen i Jotunheimen) kan fjellbjørka vekse så høgt som 1280 moh., men vanlegvis stoppar veksten i denne landsdelen ved 800–1000 moh. Ut mot kysten av Sør-Noreg ligg tregrensa ofte berre på 200–600 moh. Dette betyr at økosystemet ”fjellet” startar svært ulikt alt avhengig av kvar vi er i landet.

Ulike soner

Fjell med noe vegetasjonsdekke.Lågalpin fjellsone ved Knaben i Vest-Agder. Lyng, torvmyr, små fjellvatn og mange flyttblokker dominerer terrenget.Der skogen sluttar, begynner fjellet. Like over tregrensa startar den lågalpine sona. Her er plantelivet variert, vi kan finne enkelte spreidde tre, mens dominerande planteartar er krekling, røsslyng, blåbær, grepplyng, tyttebær og ulike vierar. Vi finn vanlegvis mange små og store torvmyrer, tjørn og fjellvatn i denne sona. Sonene strekkjer seg til der samanhengjande blåbærvegetasjon og vierkratt tek slutt. I Sør-Noreg vil det seie opp til om lag 1400 moh. og i Nord-Noreg opp til om lag 900 moh.

Over den lågalpine sona begynner den mellomalpine sona. Her finn vi samanhengjande vegetasjon i form av gras og mose, men myrene, blåbærlyngen og vierkrattet forsvinn. I Sør-Noreg går den mellomalpine sona opp til omtrent 1700 moh.

Høgare opp er den høgalpine sona. Her sluttar den samanhengjande vegetasjonen, og plantane finst berre enkeltvis. I denne sona er det mykje stein og bert fjell som er overvakse av lav, snøen ligg lenge, og landskapet ser grått ut.

Det høgaste fjellet

Snødekt fjelltopp.Det høgaste fjellet i Noreg, Galdhøpiggen, ragar 2469 moh.Det høgaste fjellet på norsk territorium er Jøkulkyrkja på Dronning Mauds land i Antarktis med sine 3148 moh. Den velkjende Galdhøpiggen er med sine 2469 moh. det høgaste fjellet i Noreg og det høgaste fjellet i Skandinavia og i heile Nord-Europa. Det ligg i Jotunheimen (Lom kommune, Oppland fylke) og er ein del av Jotunheimplatået som utgjer eit fjellplatå i omtrent 2000 meters høgd, og som, i likskap med dei fleste andre fjella i Sør-Noreg, er ein del av den kaledonske fjellkjeda.

Stolen sett ovenfra.Preikestolen i Lysefjorden i Rogaland ragar omtrent 630 moh. og er eit svært populært utfartspunkt. I 2009 besøkte meir enn 130 000 menneske fjellet.I den kaledonske fjellkjeda finn vi òg den spektakulære Besseggen som er ein smal fjellrygg mellom det store fjellvatnet Gjende og det mindre Bessvatn. Ein fottur hit om sommaren avslører kor populær den norske fjellheimen er å vandre i. Lenger sør i landet vårt, i Ryfylke i Rogaland, finn vi dei stupbratte klippene Kjærag og Preikestolen som fell høvesvis 1000 og 640 meter loddrett ned i Lysefjorden.

Ekskursjon til fjellet

Galdhøpiggen, Besseggen, Kjærag og Preikestolen er berre nokre få eksempel på kva fjellheimen i Noreg kan tilby. Ein kan bruke eit heilt liv på å utforske fjella våre, og vi er heldige som bur i eit land med eit slikt flott og variert fjellandskap. Dette gir oss eineståande moglegheiter for naturopplevingar, men òg eit stort ansvar for å forvalte den makelause naturen på ein fornuftig måte slik at fjellheimen med alle dei som bur der, og alt livet der blir verna.

Sjølv om fjellet mange gonger kan verke ugjestmildt og ubueleg, er det langt frå livlaust. Her er det tvert om mykje liv! Men for å klare seg må organismane vere tilpassa dei utfordrande miljøforholda fjellet byr på. Det er lange, kalde og snørike vintrar, korte somrar og nesten alltid vêrhardt og vindfullt. Det er òg viktig at du som besøkjer fjellet, er godt utrusta. Varme og vindtette klede, ull inst mot kroppen, hue, gode sko, sekk med mat, drikke og ekstra klede må du ha.

Når du dreg på ekskursjon i fjellet, vil du få sjansen til å studere livet her og ikkje minst korleis plantar og dyr er tilpassa miljøforholda til fjells. Du vil snart oppdage at livet i fjellet er svært forskjellig frå livet i låglandet eller langs kysten, og kanskje vil du sjå kor sårbart livet i fjellet er for menneskelege inngrep? På dei følgjande sidene presenterer vi forslag til ekskursjonsoppgåver som vi meiner er veleigna for å studere livet og økologien i fjellet.

Oppgåver
Relatert innhald