Fagstoff

Sitat

Publisert: 24.09.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Sitatteikn

Sitatteikn markerer at du gir att ordrett det ein annan har sagt eller skrive.

 

Du kan bruke teikna "..." eller «...» som sitatteikn.

 

Andre ord for sitatteikn er hermeteikn og gåsauge.

 

Les meir om sitatteikn på nettsidene til Språkrådet.

Kva er eit sitat?

Å sitere vil seie å gi att ordrett det ein annan person har sagt eller skrive.

 

  • Du kan bruke sitat når du synest at ei setning eller eit avsnitt frå ein annan tekst seier noko viktig på ein særleg treffande måte.
  • Du kan sjølvsagt også sitere utsegner som du ikkje er samd i. Det viktigaste er at du alltid gjer det klart at du siterer.
  • Når du skriv tekstanalysar eller tekstkommentarar, bør du sitere ord, setningar eller avsnitt frå teksten du skriv om.

Du må alltid kommentere sitatet slik at det òg blir ein del av din eigen tekst.

Enkel sitatteknikk

I skriveoppgåver der du skal kommentere eller analysere ein enkelt tekst, er det tilstrekkjeleg med den enkle forma for sitat som vi viser her.

Korte sitat

Sitat på inntil tre linjer set du i hermeteikn, og du flettar dei inn den vanlege teksten:

 

Frode Korslund påstår i innlegget sitt at "mesteparten av vår gamle litteratur er foreldet og gått ut på dato."

Hvis du skal markere at du utelèt nokre ord frå ei setning eller frå eit avsnitt, bruker du (...), som i eksemplet nedanfor:

Fagmannen Frode Korslund har valt ein humoristisk og munnleg tone i innlegget sitt. Teksten hans inneheld mellom anna småord som "jo", "kanskje" og "vel": "Bjørnsons bondefortellinger hadde vel knapt nok passert som ukebladsføljetonger (...) og hans skuespill blir jo ikke oppført i det hele tatt." Den uhøgtidlege uttrykksmåten gjer at vi lettare godtek den ganske einsidige framstillinga hans.

Lengre sitat

Sitat som er lengre enn tre linjer, skil du ut frå brødteksten (hovudteksten) ved hjelp av ei blanklinje over og under. I tillegg bruker du innrykk. Denne typen sitat skal ikkje setjast i hermeteikn.

I boka Skriv bedre! forklarer Eli Glomnes korleis sjangeren styrer forventningane vi har til teksten vi skal lese:

 

Sjangrene gir oss spilleregler for hva som passer hvor. Spillereglene avgjør hva som blir et dikt og hva som blir reklame, hva som blir kåseri og hva som blir artikkel. Disse reglene forandres over tid, men de er stabile nok til at skriveren og leseren kan forstå hverandre. Sjangrene fungerer altså som en slags kontrakter for hvordan tekster skal leses.

 

Vi treng altså sjangerkunnskap for å kunne oppfatte ein tekst effektivt og slik han var tenkt. Kommunikasjon skjer aldri i eit tomrom, han er knytt til konkrete situasjonar og dermed også til sjangrer.