Fagstoff

Vurdering av digitale kjelder

Publisert: 10.07.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Ibsen.net2  

Ei kjelde til å stole på? Mest sannsynleg ja, men du bør alltid sjekke kven som står bak ein nettstad.

Alle kjelder bør vurderast kritisk

Internett gir oss tilgang til informasjon av både god og mindre god kvalitet. Derfor er det viktig at du lærer deg å vere kritisk til det du finn. Den same kritiske haldninga bør du òg vise når du bruker lærebøker, fagbøker, brosjyrar og anna informasjonsmateriell. Sjølv om kvalitetssikringa er god, kan det ein sjeldan gong skje glepp også i pålitelege kjelder. Når du skal vurdere informasjon på nettet, er det viktig at du sjekker desse punkta:

Kven er sendar, og kva vil han?

Generelt kan vi seie at informasjonen du finn på offentlege nettsider, i nettaviser og på nettressursane til skolebokforlaga og NDLA, er kvalitetssikra og til å stole på.

Informasjon eller påverknad?

Ulike interesseorganisasjonar og bedrifter har nettsider med mykje nyttig informasjon. Du må likevel vite kva eigarane av ein nettstad vil oppnå med informasjonen som ligg ute. Vil dei først og fremst informere, vil dei påverke haldningane våre, eller er dei først og fremst ute etter å tene pengar?

Kryss-sjekk informasjon

Det er heilt greitt at organisasjonar som for eksempel Trygg Trafikk ønskjer å få ungdom til å ta ansvar i trafikken, eller at bedrifter informerer om produkt dei vil selje. Det vesentlege er at du er på vakt i dei tilfella der informasjonen og synspunkta framstår som einsidige eller dårleg grunngitte. Aller helst bør du kryss-sjekke viktig informasjon opp mot andre kjelder, på same måten som ein journalist skal nytte meir enn éi kjelde for å sikre balanse når han framstiller stoffet sitt.

Dersom ein artikkel på nettet har ein namngitt forfattar, er det lurt å finne ut kven vedkommande er (yrke, stilling, kvalifikasjonar).


Når blei websida sist oppdatert?

Dersom du er på jakt etter aktuelle hendingar, tal og statistikkar, må du passe på å bruke sider som blir oppdaterte heile tida. Skal du derimot finne informasjon om forfattarar, språkhistorie og liknande, har det ofte mindre å seie om sidene er heilt "ferske" eller ikkje. Det er typen informasjon du søkjer etter som avgjer kor viktig oppdateringsdatoen er.