Fagstoff

Råd for god kjeldebruk

Publisert: 11.07.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Meny i ScrapBook. Skjermbilete.Scrapbook - eit nyttig og gratis verktøy!  

Mange ulike kjelder

Bruk hjelpemiddel som leksikon, lærebøker, fagbøker og Internett-kjelder flittig. Spør bibliotekaren om hjelp til å finne dei beste kjeldene. Du kan òg bruke munnlege kjelder som foreldre, lærarar eller andre fagpersonar.

To nyttige verktøy

Det er lurt å lage eit dokument der du noterer undervegs kva for kjelder du bruker. Hugs å notere webadressa dersom informasjonen kjem frå ein nettstad.

Eit godt verktøy er Scrapbook, som er knytt opp til nettlesaren Firefox. Her lastar du ned heile websider på harddisken. Når du jobbar med eit prosjekt, kan du for eksempel lage ei prosjektmappe. Kvar gong du kjem over noko som er relevant for prosjektet, lagrar du det i Scrapbook. Da finn du lett tilbake til dei sidene som det er aktuelt for deg å bruke.

Avgrens kjeldebruken

Det høyrest kan hende noko sjølvmotsigande ut: Først blir du bedt om å bruke ulike hjelpemiddel, og deretter skal du berre halde deg til nokre få?

Men du har som oftast berre 2-3 veker på deg når du skal levere inn ei vanleg skriveoppgåve. I tillegg har du mest sannsynleg andre lekser. Derfor er det grenser for kor mange ulike kjelder du kan setje deg inn i. Det viktigaste er at kjeldene du nyttar er relevante og pålitelege, og at du faktisk greier å forstå og utnytte informasjonen dei gir.

Bruk biblioteket!

Biblioteket er ein god stad å begynne når du skal søkje informasjon.

Studentar på bibliotek. Foto.Illustrasjon   

Varier presentasjonsmåten

Du kan presentere informasjon frå andre kjelder på to måtar. Den eine er å sitere. Da gjengir du ei kortare utsegn eller eit avsnitt heilt ordrett. Den andre er å presentere eit avsnitt eller nokre viktige punkt frå ein tekst med eigne ord. Dette kallar vi å parafrasere.

Lag litteraturliste

Eit godt og profesjonelt skolearbeid skal ha ei litteraturliste som tydeleg viser kva for kjelder du har brukt. Det gjeld særleg for større innleveringar og presentasjonar, men også i alle dei tilfella der oppgåva uttrykkjeleg ber om at du tek med ei litteraturliste. Manglar denne lista, er arbeidet ufullstendig og vil sjeldan få ein karakter over middels.