Fagstoff

Målmerke 2

Publisert: 02.02.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Bilde: Unn RøynelandUnn Røyneland 

Unn Røyneland er språkforskar og arbeider ved Universitetet i Oslo. Ho er fagpersonen i NDLA sine videoar om norsk talemål.

 

Målmerke

Målmerke er språklege trekk som pregar talemålet i ein bestemt del av landet. I videofilmen "Norske målmerke del 2" nedanfor får du ein introduksjon til desse målmerka:

  • apokope
  • infinitivending
  • personleg pronomen i første person eintal og fleirtal
  • blaute konsonantar


Når du har sett filmen, les du fagteksten. Der finn du meir detaljert informasjon.

Sjå filmen:

 

Kart som viser dialektområda med ulik infinitivending

Klikk på kartet for å sjå det i større format. 

 

Det som er vesentleg her, er at du kan kjenne att infinitivsendingane når du høyrer dei, og at du kan bruke kartet til å avgjere kvar i landet dialekten kan vere frå.

6. Apokope

Apokope kallar språkforskarane det når stavingar og lydar i slutten av eit ord vert "hogde av": å spell, å søng, appokop, gutan. Apokope finn vi i talemålet i Trøndelag og Nordland. Aller sterkast verkar apokopen i Salten-området i Nordland: "E sku' te Fausk' o' kjøp' kak' førr ei kron", kan det heite der.

7. Infinitivendinga

Infinitivendinga er eit sentralt målmerke i tradisjonell dialektforsking. Infinitiven er grunnforma av verbet, det vil seie den forma vi kan setje å framfor: å skrive, å lese, å rekne. I norske dialektar kan desse infinitivane ha ulik form. Nokre stader seier dei å lese, i andre delar av landet heiter det å lesa, å les, å lassa eller å låsså.

 

Infinitiv på -e

I dei såkalla e-måla endar infinitiven alltid på -e: å vere, å sove, å skrive, å finne. E-mål finn vi mellom anna på Sørlandet, på Nordvestlandet, i området rundt Bergen og i Troms og Finnmark. Også i standardtalemålet endar infinitiven på -e.

Infinitiv på -a

I nokre dialektar endar alle infinitivane på -a: å vera, å vita, å skriva, å finna. Desse dialektane kallar vi òg for a-mål. Vi finn dei på Vestlandet frå og med Indre Sogn og sørover til Kvinesdal/Lista i Vest-Agder.

Infinitiv utan ending

I mesteparten av Nordland fylke har alle infinitivane apokope, det vil seie at endinga har falle bort. Her heiter det å skriv, å læs, å lik, å kast, å bær, å vær.

Kløyvd infinitiv

I dei fleste dialektane på Austlandet får éi gruppe verb -a i infinitiv, den andre får -e. Det heiter til dømes å væra, å leva, å veta, men å skrive, å finne, å kaste. Vi seier at dialektane på Austlandet har kløyvd (todelt) infinitiv.

Kløyvd infinitiv og apokope

I Trøndelag har vi også kløyvd infinitiv. Her får den eine verbgruppa endinga -a eller å værra, å levva, å vetta; å vårrå, å låvvå, å våttå. Den andre gruppa får apokope: å skriv, å finn, å kast

Fordjuping: Slik vart infinitiven kløyvd

Les litt

Ingen austlending som har kløyvd infinitiv i dialekten sin, kan utan vidare forklare kvifor han seier å væra og å komma, men ikkje å skriva eller å ropa. Vi må faktisk gå heilt tilbake til norrønt for å forklare fenomenet.

I norrønt enda alle verba på -a i infinitiv. Men i dag er det altså slik at nokre dialektar framleis har -a i infinitiv av alle verba, andre har gjennomgåande -e eller gjennomgåande apokope. Og så har vi dialektane på Austlandet og i Trøndelag, der infinitiven er kløyvd.

Dialektane på Austlandet

Vi ser først på austlandsdialektane. Dei verba som her framleis har a-ending i infinitiv, hadde i norrønt omtrent like sterkt trykk på begge stavingane. Vi kallar dei derfor også jamvektsord. A-en i endinga vart bevart nettopp fordi endestavinga òg hadde trykk. Døme på slike jamvektsord er å vera, å lesa, å sova, å kom(m)a.

I den verbgruppa som i dag har infinitiv på -e, låg trykket alt i norrønt berre på den første stavinga. Endestavinga var trykklett. Vi kallar desse verba for overvektsord. Den trykklette endestavinga fekk ein meir "slapp" uttale, og vokalen gjekk over frå a til e: å vaske, å skrive, å kaste.

Trøndersk

I Trøndelag har vi også kløyvd infinitiv. Jamvektsorda endar her på -a eller -å: å værra, å levva, å vetta; å vårrå, å låvvå, å våttå. I tillegg har dei trønderske dialektane apokope. Apokopen rammar overvektsorda, som mister den trykklette endinga si: å skriv, å finn, å kast

skjul
Les meir

Ingen austlending som har kløyvd infinitiv i dialekten sin, kan utan vidare forklare kvifor han seier å væra og å komma, men ikkje å skriva eller å ropa. Det kjem av at vi faktisk må gå tilbake til norrønt for å forklare fenomenet. Men vi har òg bruk for noko kunnskap om stavingar og trykkplassering i ord i moderne norsk.

Orda i det norske språket kan bestå av ei eller fleire stavingar. I alle orda er det likevel berre ei staving som får trykk, dei andre stavingane er trykksvake: å like,  å forbruke, å oppmuntre, å kaste. I moderne norsk er dessutan alle trykksterke stavingane lange, det vil seie at dei anten har lang vokal (å līke, å forbrūke), eller meir enn ein konsonant etter vokalen (å oppmuntre, å kaste). Dei trykksvake stavingane er korte.

I norrønt var systemet noko meir innfløkt. Her kunne trykksterke stavingar vere anten lange eller korte. Korte var dei når dei hadde kort vokal med berre éin konsonant etter vokalen: vĭta, lěsa, věra. Dei korte trykksterke stavingane "vog" mindre enn dei lange, og dei hadde derfor heller ikkje like sterkt trykk. Dette fekk konsekvensar for talemålsutviklinga på Austlandet og i Trøndelag.

Dialektane på Austlandet

I norrønt enda alle infinitivane på -a, men i austlandsdialektane har berre dei verba halde på a-endinga som i norrønt hadde kort rotstaving. I desse orda var trykket nokså likt fordelt mellom rotstavinga og endestavinga. Derfor kallar vi dei også for jamvektsord. A-en i endestavinga vart bevart nettopp fordi stavinga hadde noko trykk. Døme på slike jamvektsord er å vera, å lesa, å sova.

I dei verba som i dag har infinitiv på -e, var rotstavinga lang allereie i norrønt, mens endestavinga var kort og trykklett. Vi kallar desse verba for overvektsord fordi rotstavinga "vog" klart tyngre enn endestavinga.  Den trykklette endestavinga fekk ein meir "slapp" uttale, og vokalen gjekk over frå a til e: å vaske, å skrive, å kaste.

Trøndersk

I dei trønderske dialektane gjekk utviklinga enda lenger: Også her vart infinitiven kløyvd, men i tillegg verka apokopen på overvektsorda slik at dei miste den trykklette endinga si heilt: å skriv, å finn, å kast. Apokopen ramma ikkje jamvektsorda fordi endestavingane i desse orda hadde trykk. Dei var ikkje så utsette for "avhogging" som dei trykklette stavingane i overvektsorda.

Jamvektsorda i trøndersk endar på -a, nokre stader på  : å værra, å levva, å vetta; å vårrå, å låvvå, å våttå. Vokalen i rotstavinga er meir eller mindre "smitta" av vokalen i endestavinga ( å vera > å værra, å vårrå). Dette fenomenet kallar vi jamning på fagspråket. Også jamninga heng saman med at begge stavingane i ordet hadde trykk. Dei kunne derfor lettare påverke kvarandre.

skjul

 

8. Personleg pronomen

Det personlege pronomenet i første person eintal har ei rekkje ulike former i dialektane. Derfor fungerer det godt som målmerke.
I austlandsområdet heiter pronomenet je eller , med forma jei i byane. I Molde og i Romsdalstraktene heiter det i. Men den mest utbreidde forma er e, eg, æ eller æg.

I fleirtal heiter det vi i store delar av landet. Men på Sørvestlandet, på Sørlandet og i Telemark bruker folk me eller mi. Og nord i Gudbrandsdalen og i eit par kommunar på Sunnmøre heiter det faktisk oss! Som vanleg skil dei store byane seg ut: Både i Bergen og Kristiansand seier dei vi.

9. Blaute konsonantar

Bilde: Dialektkart bløte konsonanterDialektkart bløte konsonanter 

Blaute konsonantar

 

Langs kyststripa frå Arendal i aust til Karmøy i vest har dei "harde" konsonantane p,t,og k vorte til b,d og g etter vokal.  I Kristiansand heiter det ei blødkage, ei gade, ei pibe.

Denne konsonantovergangen finn vi òg i Danmark, og det er nærliggjande å tru at fenomenet er importert derifrå, sidan vi berre finn det i eit avgrensa område mot Skagerrak-kysten. I motsetning til skarre-r er blaute konsonantar eit målmerke som er på retur.

Logo Dialektxperten

 

På nettstaden DialektXperten finn du tretti målprøver frå ulike delar av landet. Desse kan du analysere ved hjelp av ein interaktiv dialektnøkkel.

I DialektXperten kan du dessutan lese om enda fleire målmerke enn dei vi har presentert på NDLA-sidene.

Relatert innhald

Dekkjer delvis