Oppgåve

Målmerke

Publisert: 02.02.2011, Oppdatert: 21.11.2013

Oppgåve 1

Dei fire norske dialektområda

Samarbeid gjerne med andre i klassen om desse oppgåvene. Fortel og forklar for kvarandre, da fester kunnskapen seg, og dessutan vert arbeidet garantert mykje meir morosamt!

  1. Kan du namngi dei fire hovudområda?
  2. Veit du også kva for fylke som høyrer heime i dei ulike områda, iallfall sånn i det store og heile?

Dei fire dialektområda

Oppgåve 2

Gjer greie for målmerka.

  1. Klikk fram karta nedanfor og finn ut kva for målmerke som er markerte. 
  2. Gjer kort greie for målmerka og fortel kvar i landet vi finn dei (nemn fylke, stader osv.).

 

 

 

 

Oppgåve 3

Kva er kjennemerka på din eigen dialekt?

Last ned dialektskjemaet (lenkje nedanfor) og avgjer kva for målmerke som karakteriserer din eigen dialekt. Finn tre døme for kvart målmerke du krysser av for.

 

Dialektskjema  

 

 

Oppgåve 4

Undersøk dialekten.

Spel av kåseriet av Linda Eide nedanfor.

 

  • Taler ho ein lågtone- eller høgtonedialekt?
  • Har ho tjukk l i dialekten sin eller ikkje?
  • Har dialekten apokope?
  • Har dialekten palatalisering?
  • Kva slags r-lyd bruker ho? Kan måten ho uttaler r på, seie noko om kvar ho kjem frå?

 

Linda Eide: Familien som spela vekk jola

 

 

Oppgåve 5

Videooppgåve: Kva slags talemål bruker kongen og dronninga?

Kong Harald og dronning Sonja vart gifte i 1968. Dei møttest allereie i 1959, men måtte vente i heile ni år før kong Olav samtykte i at kronprinsen gifte seg borgarleg. Trulovinga førte til ein debatt om monarkiet si framtid i Noreg, men Sonja vart frå første stund akseptert av folket.

Bilde: Harald og SonjaHarald og Sonja

Klikk for å hente fram oppgåva.

a) Intervju frå 1978 med det daverande kronprinsparet

Kongen og dronninga bruker eit bokmålsnært standardtalemål som vi kallar standard austnorsk. Sjå intervjuet frå 1979 og prøv å beskrive trekk ved talemålet til dronninga.

 

  • Verbbøying
    Korleis bøyer Sonja desse verba: skifte, oppleve, titte, treffe, finne.
  • Substantivbøying
    Seier ho en eller ei tid, en eller ei pike?
    Bruker ho nokon hokjønnsord med a-ending i det heile?
    Seier ho åra eller årene?
  • Diftong (ei) eller monoftong (e)
    Seier ho senere, vet, ble, eller seinere, veit, blei?
  • L-lyden
    Bruker ho tjukk l?

 

Intervju med daverande kronprinspar Sonja og Harald i 1979   

 

b) Sjå intervjuet med dagens kronprinspar frå år 2000.

 

  • Kronprins Haakon
    Er det store forskjellar mellom talemålet til Sonja og talemålet til Haakon?
  • Kronprinsesse Mette-Marit
    Peik på trekk ved talemålet til Mette-Marit som røper kva for landsdel ho har vakse opp i.

 

Intervju med kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby i 2000  

 

skjul

 

 

Oppgåve 6

Peik på målmerke i lydprøver.

Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium ved NTNU i Trondheim har laga ein interaktiv nettressurs med talemålsprøver fra ulike deler av landet i skrift og tale. Alle personane som er med, fortel eventyret "Nordavinden og sola" på sin eigen dialekt:

 

Nordavinden og sola

 

Klikk på eitt av punkta på kartet for å hente fram ei lytteprøve. Vel ei lytteprøve frå eit anna dialektområde enn ditt eige, bruk dialektskjemaet og finn målmerka som karakteriserer dialekten.

 

Dialektskjema 

 

 

Oppgåve 7

Kva for ein dialekt?

Sjå reklamefilmen frå Lerum.

  • Kva slags dialekt får du høyre i filmen? Bruk dialektskjemaet og notér dei målmerka du legg merke til.
  • Kanskje du også kan høyre eitt og anna særtrekk ved språket som ikkje er teke med i skjemaet? Prøv å beskrive det i så fall.

 

Dialektskjema 

 

©Lerum Saft

 

Oppgåve 8

Målprøver frå DialektXperten

 Talemålsarkivet finn du alle dialektprogram frå NRK radio og fjernsyn, og interaktive fylkeskart der du kan høyre døme på talemål frå ulike kommunar landet over.

dialekteksperten

DialektXperten inneheld i alt 30 lytteprøver frå ulike delar av landet. Prøv å analysere nokre av dei – her får du god trening i å kjenne att målmerke!

 

Den interaktive dialektnøkkelen som følgjer med kvar målprøve i DialektXperten, hjelper deg i arbeidet. Alle målmerka i nøkkelen finn du også forklart i DialektXperten. Vi kan tilrå særleg desse målprøvene:

 

 

Lytteprøve 2

Lytteprøve 6

Lytteprøve 12

Lytteprøve 29

Lytteprøve 22

Lytteprøve 1

Lytteprøve 13

 

 

Oppgåve 9

Skriveoppgåve

Danskar og svenskar bruker dialekt i langt mindre grad enn nordmenn. På nettstaden Nordens språk med røtter og føtter finn du fleire artiklar om bruk av dialekt i dei nordiske landa, mellom anna denne teksten av Gunnar Simonsen:

 

Dialektar - ei historie om dei pene, dei korrekte eller dei gale?

 

Les artikkelen og skriv eit lesarinnlegg på ca. ei side der du tek opp eitt av emna nedanfor. Du skal velje side – gå for eit standpunkt og underbygg det med tre argument. Lag ein tittel som hjelper deg å "spisse" innhaldet i teksten.

 

  • Finst det "pene" og "stygge" dialektar?
  • Burde vi prøve å normere talemålet slik at svenskar, danskar og nordmenn kan forstå kvarandre også i framtida?
  • Er dialektar på veg inn – eller på veg ut? 
  • Dialektbruk i media – positivt eller negativt?