Oppgåve

Talemålet er i endring

Publisert: 26.01.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Oppgåve 1

Tendensar i talemålet i dag

Videoklipp om skarre-r

R-lyden 

 

Videoklipp

Ord kjem og går

 

  1. Kvifor kan vi seie at geolektar i dag er "på flyttefot"?
  2. Kvifor har dei språklege forskjellane mellom menneske frå ulike samfunnslag vorte mykje mindre i Noreg dei siste femti-seksti åra?
  3. Kva meiner vi med regionalisering når vi snakkar om talemålsutvikling?
  4. Korleis vert norsk talemål i dag påverka utanfrå?
  5. Korleis uttaler mange unge i dag ord som kino, kjøtt, kjæraste, kjede?
  6. Finst den same tendensen også blant unge på heimstaden din?
  7. Sjå videoklippet om skarre-r (lenkje i høgrefeltet).
    • Vi kan uttale bokstaven r på to måtar, som rulle-r eller som skarre-r. Kva for r-lyd er lettast å lære?
    • Kvar i Noreg bruker folk skarre-r?
    • Korleis har skarre-r-en spreidd seg i Europa?
  8. Sjå videoklippet "Ord kjem og går" med Sylfest Lomheim, tidlegare direktør i Språkrådet (lenkje i høgrefeltet).
    • Kvifor skjer utskiftinga av ord i språket mykje raskare i dag enn tidlegare?
    • Lomheim samanliknar ordtilfanget til eit menneske som levde for hundre år sidan, med ordtilfanget til ein person som lever i dag. Kor mykje av ordtilfanget har dei to felles, ifølgje Lomheim?

 

Oppgåve 2

Nokre nye ord i 2010

a) Forklar korleis desse nye orda oppstod, og kva dei tyder.

  • app
  • askefast
  • framsnakking
  • monstermast

b) Lag di eiga, gjerne litt fantasifulle forklaring på kva desse orda kunne ha tydd, og korleis dei kunne ha oppstått!

 

Oppgåve 3

Tre meiningar om språkutvikling

Her har vi tre personar med klare synspunkt på språk og språkutvikling!

Sylfest Lomheim er tidlegare direktør i Språkrådet, Helene Uri er språkforskar og forfattar, og Per Egil Hegge er journalist og kjend for språkspalta si i avisa Aftenposten.

Sylfest Lomheim, Per Egil Hegge og Helene Uri Sylfest Lomheim, Helene Uri og Per Egil Hegge

Høyr kva Sylfest Lomheim, Per Egil Hegge og Helene Uri har å seie om språkutviklinga i Noreg. Lag ei enkel oversikt over synspunkta dei kjem med, og kommentér tre av dei.

 

Klikk på lenkjene nedanfor for å sjå videoklippa:

 

Per Egil Hegge

Helene Uri

Sylvfest Lomheim