Oppgåve

Tale og skrift

Publisert: 26.01.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Oppgåve 1

Spørsmål til teksten

  1. Kva er ein dialog, og kva er ein monolog?
  2. Forklar kva vi meiner med at samtalen er dialogisk, mens skriftleg kommunikasjon (til vanleg) er monologisk.
  3. Korleis vil du kategorisere sms-meldingar, chatting og Facebook-meldingar? Er dei skriftlege eller munnlege? Dialogiske eller monologiske? Grunngi svaret. 
  4. Skriftspråket i Noreg er normert. Kva vil det seie?
  5. Kva er fordelane ved å bruke eit normert skriftspråk?
  6. Ser du nokre ulemper?
  7. I kva for samanhengar bruker vi normert talemål i Noreg i dag?
  8. Kan du nemne nokre land der normert talemål vert brukt i langt større grad enn i Noreg?
 

Oppgåve 2

Språk og identitet

Sjå filmklippet med Frida Buschmann.

 

  1. Finn svara på desse spørsmåla:
    • Kvar kjem Frida Buschmann frå?
    • Kvifor reiste ho til Oslo som ung?
    • Kor lenge er det sidan ho reiste, trur du?
    • Korleis kjennest det for henne å snakke Oslo-mål?
    • Korleis reagerte Oslo-folk på dialekten og bakgrunnen hennar?
    • Kva gjorde desse opplevingane med henne?
    • Korleis endra haldninga til dialektane seg på 1970-talet?
    • Kva synest Frida Buschmann om nordlandsdialekten sin i dag?
  2. Bruk informasjonen du har funne og lag eit samandrag av reportasjen. Skriv på sidemålet.

 

Oppgåve 3

Dialekt i sms-meldingar

Sjå videoklippet "Bruker dialekt i sms".

 

  1. Elevane frå Gausdal som vert intervjua i reportasjen, bruker dialekt i sms-ar. Kva målform bruker dei på skulen? 
  2. Kvifor føretrekkjer dei å skrive sms-ane på dialekt?
  3. Ei av jentene har eit eige ord for det å bruke dialekt i sms-ar. Kva kallar ho det for?
  4. Nemn tre sjangrar der det etter ditt syn passar godt å skrive på dialekt, og tre sjangrar der det kan vere ein fordel å bruke standardmålet. Grunngi svaret.
  5. Skriv ein kort tekst (ikkje meir enn ei side) om talemålet ditt. Det kan til dømes vere ei hyllesttale til dialekten din (gjerne skriven på dialekt!). Men du kan også ta opp heilt andre sider ved talemålet ditt om du vil.