Oppgåve

Dialektlandet Noreg

Publisert: 11.01.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Oppgåve 1

Spørsmål til videoen "Dialektlandet Noreg"

Fann du feilen?
I videoen "Dialektlandet" har det snike seg inn eit årstal som er feil. Veit du kva årstal det er?

 

 

  • urbanisering
    samfunnsutvikling der mange flytter frå landsbygda til byane for å få seg arbeid der
  • industrialisering
    samfunnsutvikling der arbeid som før vart gjort for hand, blir teke over av maskinar
Sjå videoen "Dialektlandet Noreg" og jobb med spørsmåla:

Klikk og hent fram spørsmåla.
  1. Fagpersonen som vert intervjua i denne filmen, er Unn Røyneland. Kva er yrket hennar, og kvar arbeider ho?
  2. Kva er namnet på gruppa vi møter først i filmen? Kva slags dialekt syng dei på? Og kva tyder "rist med raua?
  3. Kva er den tradisjonelle definisjonen på ein dialekt?
  4. Om vi tek utgangspunkt i denne definisjonen: Finst det nokon i Noreg som ikkje snakkar dialekt?
  5. Dialektane i Noreg kan delast inn i fire hovudgrupper. Nemn dei.
  6. Kva er den historiske grunnen til at vi har stor dialektvariasjon i Noreg?
  7. I den nasjonalromantiske perioden fekk nokre dialektar auka status, mens andre vart vurderte som mindreverdige.
    • Tidfest den nasjonalromantiske perioden.
    • Kva dialektar fikk auka status, og kva dialektar blei sett ned på?
    • Kvifor blei dialektane vurderte så ulikt?
  8. Kva for dialektar var det Ivar Aasen i all hovudsak bygde landsmålet sitt på?
  9. I 1878 vedtok Stortinget at "Undervisningen i Almueskolen saavidt som muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog".
    • Kva vil det seie?
    • Og kvifor var dette vedtaket viktig?
  10. Kva hadde det å seie for talemålsutviklinga i Noreg at industrialiseringa og urbaniseringa kom relativt seint i gang?
  11. Korleis har jernbaneutbygginga verka inn på talemålsutviklinga i Noreg?
  12. Gjer greie for den spesielle dialektsituasjonen på Tynset. Kva var det som skapte dialektskiljet der?
  13. Kvifor la folk om talemålet sitt når dei flytte til Oslo eller andre større byar?
  14. Korleis endra haldninga til dialektar seg på 1970-talet?
  15. Kva kan ein mann signalisere ved å snakke "brei" dialekt?
  16. Kva vil det seie å knote?
  17. Kva seier Unn Røyneland om dialektbruken i Noreg i dag?
  18. Nemn minst fem kjende norske artistar som syng på dialekt, og oppgi kva slags dialekt dei bruker.
  19. Gi eksempel på politikarar, næringslivstoppar, idrettsutøvarar og mediefolk som bruker dialekten sin i offentlege samanhengar; oppgi kvar i landet dei kjem frå.
skjul
 

Oppgåve 2

Spørsmål til fagteksten "Litt dialekthistorie"

  1. Kva for eit språk er det felles opphavet for dei norske dialektane?
  2. Korleis kan vi vite at det fanst ulike dialektar i Noreg allereie i gammalnorsk tid?
  3. Når omtrent fekk dei norske dialektane den forma dei har i dag?
  4. Korleis har landskapet vore med på å skape dialektskilje i Noreg?
  5. Kvifor har talemålet endra seg raskare i byane og i kystsamfunn enn i innlandet?
  6. Bergen har ein særeigen dialekt. Kva er det som har påverka dialektutviklinga der?
  7. Sjå videoen om Høyangerdialekten (lenkje nedanfor).
    • Korleis oppstod dette målet?
    • Kva er det som særpregar dialekten?

Spesiell dialekt i Høyanger (tv-reportasje)