Hopp til innhald

Fagstoff

Psykisk helse

I arbeidet som helsefagarbeidar kjem du til å møte psykisk sjuke pasientar. Difor er det viktig at du har kunnskapar om sjukdomsområdet og kan gi sjukepleie til desse pasientane. Som helsefagarbeidar skal du også delta i det førebyggjande helsearbeidet.
Glad mann og gutt.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Einar Kringlen (Psykiatri, Universitetsforlaget 1990) skriv at god psykisk helse inneber

  • å ha det godt med seg sjølv
  • å ha evna til å ha kontakt med andre menneske
  • ha evna til å tole alminnelege påkjenningar
  • å ha evna til å arbeide
  • å ha evna til å elske


Kva er psykisk helse?

God psykisk helse blir definert som evna vi har til å fordøye påkjenningane i livet, og ho er eit resultat av den totale utviklinga vår, både kjenslemessig, intellektuelt, fysisk og totalt. Psykisk sjukdom blir rekna som ein av dei store folkesjukdommane i den vestlege verda. Ikkje noko menneske vil kunne gå gjennom livet utan påkjenningar av nokon grad. Korleis den enkelte taklar desse påkjenningane, varierer derimot mykje.

Kva er psykisk helsevern?

Psykisk helsevern er nemninga på dei tilboda som samfunnet gir til menneske med psykisk sjukdom. Tilbodet blir gitt gjennom spesialisthelsetenesta og blei tidlegare kalla «psykiatrien».

Minst 400 millionar menneske i verda er psykisk sjuke, og i Noreg blir om lag halvparten av befolkninga ramma av psykisk sjukdom minst éin gong i livet. Statistisk sett kjenner difor alle nokon med ein psykisk sjukdom.

Her er nokre råd for god psykisk helse:


God psykisk helse i befolkninga er eit satsingsområde for norske styresmakter.

Styresmaktene har utarbeidd råd for å hjelpe befolkninga med å ta vare på si eiga psykiske helse. Råda skal både førebyggje psykiske problem og hjelpe den enkelte med å meistre psykiske plager om dei skulle dukke opp.

Her er råda frå styresmaktene:

  • Ver fysisk aktiv.
  • Et sunt.
  • Sov godt.
  • Ha eit moderat inntak av alkohol.

Du kan lese meir om psykisk helse på nettsidene til Rådet for psykisk helse.

NRK serien: Sinnsykt er god på dette tema

På temasiane "psykisk helse" frå Helsedirektoratet kan du læra meir om psykisk helse.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.11.2018

Læringsressursar

Psykisk helse og sjukdom