Fagstoff

Talemålet er i endring

Publisert: 26.01.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Nye ord i 2010

  • app
  • askefast
  • framsnakking
  • monstermast


Veit du kva dei tyder?

Eit språk som lever, endrar seg

Alle levande språk utviklar og endrar seg, og det er talemålet som fører an, mens skriftspråket følgjer etter. Kva skjer så med talemålet i Noreg i dag? Vi skal sjå nærmare på fire forhold som verkar inn på utviklinga.

Geolektar på flyttefot

Før i tida var det slik at folk flest i ei bygd eller ein by var fødte og oppvaksne der, og der vart dei til sin døyande dag. Ofte fann dei både ektefelle og arbeidsplass i nærmiljøet. I dag dreg mange unge ut for å få seg utdanning, og mange vel å ta arbeid og busetje seg på ein annan kant av landet.

Trur du folk på Romerike snakkar slik i dag?


Dialektprøve frå Rælingen i 1963 (ekstern)

Når forskarane i dag samlar talemålsprøver frå eit bestemt geografisk område, finn dei folk med ulike dialektar som bur side om side. På Sandøya utanfor Tvedestrand til dømes er det nett no fleire barn og unge som snakkar austlandsk enn sørlandsk!

Sosial utjamning

I 1947, like etter andre verdskrigen, vart Statens lånekasse for studerande ungdom oppretta, og det vart mogleg for alle å ta høgare utdanning. Dette medverka til at dei sosiale forskjellane mellom folk vart betydeleg mindre i andre halvdel av 1900-talet. Idealet om likskap og likeverd førte også til at ”det dannede talespråket”  i dei høgare sosiale klassane vart sett på som snobbete og gammaldags. I dag har den jamne daglegtalen innteke nær sagt alle arenaene i samfunnet.

Språkleg utjamning eller ei – når kongen taler til folket, ventar vi oss ein danna og høgtidleg språkbruk.

 

Høyr til dømes H.M. Kongens nyttårstale 2010 (ekstern).

 

(Kongen er dessutan verd å lytte til fordi han har ein viktig bodskap.)

Hans Majestet kong Harald V. Foto.H.M. Kong Harald V 

Regionalisering

Generelt kan vi seie at dialektane rundt dei store byane er i ferd med å forsvinne. Bymåla brer seg i takt med sentraliseringa og urbaniseringa som pregar det norske samfunnet i dag. Spesielt er dette tydeleg i Oslo- og Akershus-området og i Bergensområdet.

Også nærskylde bygdemål blir etter kvart meir like kvarandre. I Sogn og Fjordane kan ein i dag køyre på halvtimen frå bygd til bygd gjennom eit nettverk av vegtunellar, ei reise som tidlegare kunne ta ein heil dag. Nye fjellvegar bind Setesdalen saman med Sirdal og Tokke i Telemark, samstundes som byfolk frå Kristiansand kvar helg inntek fjellbygda Hovden øvst i Setesdal. Slike endringar i samferdselsmønstra kan over tid føre til at talemålet endrar seg.

Det er likevel nokre bygder der dialekten held stand. Dette er område som skil seg ut kulturelt frå bygdene eller byane omkring. Eit godt eksempel her er talemålet i Vennesla, som ikkje er særleg påverka av talemålet i Kristiansand som ligg berre tre mil unna.

Påverknad utanfrå

Dei siste 50 åra har vi fått nye minoritetsgrupper i landet vårt, spesielt i Oslo-området. Det har ført til at nye etnolektar har oppstått, og at det norske talemålet har fått ein del nye ord. Til dømes har ord som hijab og kebab vorte ein del av daglegtalen vår. Globaliseringa av kulturlivet og næringslivet gjer dessutan at det norske talemålet i større grad enn tidlegare er påverka av det engelske språket.

Døme på endringar i norsk talemål i dag

Nokre endringar i talemålet er lettare å få auge (eller øyre) på enn andre, og særleg nye språklydar og nye ord  vekkjer merksemd og fører til diskusjonar.

Sj- og kj-lyden fell saman

Intervju med ungdommar:
 

Ei av dei lydendringane som har vore mest omtalt dei siste åra, er samanfall av sj- og kj-lyden. Mange unge under 25 år uttaler i dag ordet kino med sj-lyd – altså sjino. Vaksengenerasjonen oppfattar slike lydendringar hos unge gjerne som ein talefeil, iallfall i første omgang. Mange barn har nok vorte sende til logoped for å lære seg å uttale ordet kino rett! Nokre hevdar at fenomenet oppstod i Fyllingsdalen i Bergen, og at det deretter raskt spreidde seg til både Austlandet, Sørlandet og Trøndelag.

Skarre-r-en spreier seg til nye område

Intervju med ein gut:

Ei anna endring ein kan observere er at fleire og fleire bruker skarre-r. Dette gjeld spesielt for områda nord for Kristiansand og nord for Bergen. Ei årsak kan vere at skarre-r er lettare å uttale enn rulle-r. Men det er òg vanleg å forklare dette fenomenet med at bymåla påverkar talemålet i omliggjande område.

Nye ord dukkar opp og gamle døyr

Intervju med Sylfest Lomheim:

Ord kjem og går (ekstern)

 

Endringar i samfunnet gjer at ein del ord blir borte, mens nye kjem til. Nesten ingen kjenner i dag nemningane for dei ulike delane av ein hestesele, men vi kan utan problem fortelje om alle delane i ei datamaskin. Ordet mus er eit god eksempel på dette. I dag tenkjer vel dei fleste av oss fortare på den dingsen vi held i handa når vi jobbar på PCen, enn på det dyret vi fangar i feller på loftet.

I mange dialektar lever fleire ordformer side om side i ein periode. 60-åringar seier kanskje framleis at noko er tøft, 30-åringane bruker ordet kult, medan 20-åringane synest det er fett. Utskiftinga av slike ordformer går stadig raskare i eit samfunn der idealet er å vere moderne og framtidsretta.

Relatert innhald

Dekkast delvis av