Fagstoff

Kva er ein dialekt?

Publisert: 26.01.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Bokomslaget til "Dialektlandet". Foto.  

Mange i Noreg er interesserte i dialektar. Boka "Dialektlandet" av professor Martin Skjekkeland kom ut i 2010. Ho gir ei populærvitskapleg innføring i norske dialektar og i særtrekk ved det norske språksamfunnet. 

Dialekt, eller ...?

I daglegtalen bruker vi ordet dialekt om eit talemål som er særmerkt for eit bestemt geografisk område og som skil seg frå rikstalemålet. Slik har også dialektforskarane tradisjonelt har brukt omgrepet. Her i landet er såkalla standard austnorsk det nærmaste vi kjem eit rikstalemål. Standard austnorsk er eit bokmålsnært talemål som vi finn i Oslo-området. Om vi tek utgangspunkt i definisjonen ovanfor, kan vi seie at dei som taler standard austnorsk ikkje taler nokon dialekt, mens alle andre i Noreg gjer det.

Geolektar

I dag bruker mange språkforskarar omgrepet dialekt i ei noko vidare tyding. Det  omfattar da ikkje berre talemål som er geografisk bestemt, men også talemål som er særskilt for ulike sosiale grupper. Derfor nyttar forskarane i staden omgrepet geolekt om talemålsvariantar som er knytte til eit bestemt geografisk område. Ordet tyder altså det same som "dialekt" i tradisjonell forstand.

Når du les eller ser intervju med språkforskarar på NDLA-sidene, vil du finne at nokre forskarar bruker den tradisjonelle dialektdefinisjonen, andre den nyaste. 

  • geo-
    forstaving som tyder "jord"; frå gresk ge, "land"

Sosiolektar

Det er ikkje slik at alle folk som bur i ei bestemt bygd eller ein bestemt by, snakkar likt. Tek du ein spasertur frå Bogstadveien til Grønland i Oslo, oppdagar du snart at talemålet endrar seg.  Det er vanskeleg å forklare forskjellane med geografisk avstand. Her har vi i staden å gjere med sosiolektar og etnolektar.

  • Veit du namnet på dei tradisjonelle arbeidarstrøka i London?

I dei fleste storbyane verda over har menneske frå ulike sosiale lag og etniske grupper busett seg i ulike bydelar.  Eit klassisk skilje går mellom aust og vest. Innbyggjarane på vestkanten i Oslo til dømes har tradisjonelt tilhøyrt borgarskapet, mens arbeidarane har budd på austkanten, nær dei gamle industriverksemdene langs Akerselva. Talemålsvariantar som viser at språkbrukaren høyrer til ei bestemt sosial gruppe, kallar vi sosiolektar. I Oslo markerer talemålet kva for del av byen ein kjem frå, men også kva for sosial gruppe ein identifiserer seg med.

Flettfrid Andrésen. Foto.Flettfrid Andresen   


Fru Flettfrid Andrésen

– i ferd med å bli historie

 

 

Flettfrid Andrésen hadde sine glansdagar på 80- og 90-talet, da ho til tider var ein gjengangar i NRK.  

Andre norske byar har også hatt eit liknande skilje mellom høg- og lågstatusområde. Skodespelaren Jakob Margido Esp har mellom anna gitt stemme til den legendariske Flettfrid Andrésen frå bydelen Øvre Singsaker i Trondheim, ein karikatur av "Tråndhjems bedrestillede fruer".

I dag ser vi at høgborgarskapets ”danna talemål” er på veg ut både i Oslo, Trondheim, Ålesund og Bergen.  Tendensen er at skiljet mellom talemålet i høg- og lågstatusgrupper vert borte til fordel for eit felles bymål som verken er for danna eller for breitt. Dette heng truleg saman med ei generell sosial utjamning i samfunnet, men også med at daglegtalen i vår tid i større grad er påverka av dei talemålsnormene vi møter i radio og fjernsyn.

Etnolektar

I vår tid er dei gamle arbeidarbydelane i Oslo folkesette av innvandrargrupper med ikkje-vestleg etnisk opphav. Det norske talemålet i desse områda har derfor innslag av ord og setningsbygnad frå det språket innvandrarane snakka før dei kom til Noreg. Denne typen talemål kallar vi etnolektar.

  • etno-
    forstaving som tyder "folk"; av gresk ethnos, "folk"

Nord-Noreg har i fleire hundre år hatt tilsvarande talemålsvariantar i dei områda der norsk-, samisk- og kvensktalande har levd side om side. Hilde Sollid ved Universitetet i Stavanger har gjennomført ein studie av møtet mellom kvensk og norsk i Sappen i Nordreisa. Her tok folk med seg trekk frå kvensk når dei lærte seg norsk som andrespråk. Dette andrespråket har så vorte grunnlaget for den norske dialekten i bygda.

Multietnolektar

I miljø der folk med ulik etnisk bakgrunn møtest, oppstår det vi kallar multietnolektar, talemålsvariantar med innslag av ord og uttrykk frå fleire ulike språk. Slike innslag finn vi i ungdomsspråket i dei største byane i Norden. I daglegtalen vert multietnolektane på ein litt nedlatande måte omtalte som kebabnorsk, rinkebysvensk eller walla-dansk

Multietnolektane hentar ordtilfang mellom anna frå arabisk, berbisk, urdu og spansk. Ofte vil dei som bruker multietnolektar, også kunne snakke ”vanleg norsk”. Multietnolekten bruker dei for å signalisere kven dei er og kva for gruppe dei identifiserer seg med.

Kjelde

I arbeidet med denne sida har forfattarane nytta særleg DialektXperten og følgjande tekst som kjelde: 

Løkensgard Hoel, Oddmund 1998: " Dialektar og sosiolingvistikk
Ei drøfting av kva nyare sosiolingvistikk har hatt å seie for synet på kva ein dialekt er." I: NORskrift. Arbeidsskrift for nordisk
språk og litteratur 9/1998: s. 51-67.

skjul