Fagstoff

Målmerke 1

Publisert: 27.01.2011, Oppdatert: 04.12.2017

Kva er eit målmerke?

Eit målmerke er eit språkleg trekk som særmerkjer ein dialekt. Dialektforskarane bruker slike felles kjennemerke for å dele inn dei norske dialektane i grupper. 

Det er vanleg med ei firedeling av dei norske dialektane:

  • austnorsk
  • vestnorsk
  • trøndersk
  • nordnorsk

Kart som viser dei fire dialektområda i Noreg. Illustrasjon.  

Vi skal no sjå nærmare på ni viktige målmerke. Dei første fem kan du lese om på denne sida. Videoklippet er ein introduksjon, mens fagteksten gir deg meir utdjupande informasjon. Fagperson i videoklippet er Unn Røyneland, språkforskar ved Universitetet i Oslo.

Sjå filmen:

I denne filmen får du høyre om

  • tonegang
  • tjukk l
  • skarre-r og rulle-r
  • palatalisering
  • nektingsadverbet ikkje

1. Tonegang

 

Vi kan òg dele norske dialektar inn i to hovudgrupper med utgangspunkt i tonegang og trykkplassering.

 

Grovt sett reknar vi da Austlandet og Trøndelag, som austnorsk, mens Sørlandet, Vestlandet og Nord-Noreg vert rekna som vestnorsk.

Når vi snakkar, held vi ikkje den same tonehøgda heile tida. Tonen er snart låg, snart høg, og han kan stige eller falle. Setnings-melodien i vårt eige talemål er vi så vande med at vi ikkje oppfattar han som melodi i det heile. Men straks vi høyrer ein dialekt med ein annan tonegang, legg vi merke til han. Da seier vi gjerne at folk "syng" på dialekten sin. Men i utgangspunktet syng vi altså like mykje alle saman, berre på forskjellig vis.

Sjølv om vi lett kan høyre forskjellar i tonegang, kan det vere noko vanskeleg å forklare presist kva desse forskjellane består i. Vi skal her sjå på to fenomen som vi kan studere i enkeltord, nemleg ordmelodi og trykkplassering.

Les om ordmelodi og trykkplassering

Trykk

Når vi uttaler enkeltord eller setningar, får nokre stavingar større vekt enn andre. Vi seier at desse stavingane får trykk, medan dei andre stavingane er trykklette. Når eit ord opptrer aleine, får det alltid trykk. I ei setning derimot er det berre dei orda som talaren framhevar som viktige, som får trykk.

Ordmelodi

Tett saman med trykk høyrer tonegangen, det vil seie ord- og setningsmelodien. I Noreg har dei fleste dialektane to ulike ordmelodiar. Dette er til ein viss grad ein språkleg luksus, for ein kan godt gjere seg forstått utan å beherske desse ordmelodiane. Men i nokre tilfelle kan dei faktisk avgjere kva eit ord tyder. Sjå på desse eksempla:

  • lyset – (å) lyse
  • bønder – bønner
  • gjenta – jenta


Dersom du bur i Oslo, vil du uttale desse ordpara slik som illustrasjonen nedanfor viser. (Punkt markerer at tonen er jamn, medan streken markerer at han er fallande. Plasseringa i felta oppgir om tonen er høg eller låg.)

Tonelag austnorsk. Illustrasjon.Tonelag austnorsk 
Snakkar du derimot Tromsø-mål, er tonegangen slik:

Tonelag vestnorsk. Illustrasjon.Tonelag vestnorsk  

I austnorsk vert dei trykktunge stavingane jamt over uttalte med ein lågare tone enn dei trykklette. I vestnorsk er det motsett: Der får dei trykktunge stavingane ein høgare tone enn dei trykklette. Med utgangspunkt i dette kallar vi dei austnorske dialektane for lågtonemål og dei vestnorske dialektane for høgtonemål.

Trykkplassering

I norsk er hovudregelen for trykkplassering at første staving i ordet skal ha trykk. Men det finst mange unntak: Mellom anna har vi mange lånord i norsk som opphavleg har trykk på andre stavingar enn den første, til dømes banan, bensin, sjokolade, stasjon, Ferrari. I vestnorske og i nordnorske dialektar er desse trykkforholda stort sett bevarte. Det same gjeld for standard austnorsk, det bokmålsnære talemålet i Oslo-området.

På Austlandet elles og i Trøndelag finn vi at trykket har vorte "oppnorska". Trykket i lånorda ligg her konsekvent på den første stavinga, og uttalen følgjer med dette hovudregelen for uttalen av norske ord: banan, bensin, sjokolade, stasjon, Ferrari.

skjul

 

2. Tjukk l

Tjukk l er ein spesiell lyd som ikkje finst mange stader i verda. Den som har tjukk l i dialekten sin, kan derfor skryte på seg litt  eksklusivitet!

 

Dialektkart tjukk l. Illustrasjon.  

Eit anna viktig målmerke er såkalla tjukk l. Denne språklyden finn vi først og fremst i austnorske og trønderske dialektar. Ein reknar med at lyden oppstod ein gong på 1300-talet. På den tida begynte folk å uttale i ord som garð og l-lyden i ord som dal på ein ny måte.

Den tjukke l-en er strengt teke ikkje er nokon l-lyd i det heile, men ein retrofleks, det vil seie ein lyd som vi uttaler ved å bøye tungespissen oppover og bakover. (Ordet retrofleks tyder "bakoverbøygd".) Når vi uttaler ein tjukk l, bøyer vi tungespissen opp- og bakover, for så å gjere eit raskt slag med han framover.

På det meste av Austlandet og i Trøndelag har ein tjukk l både av l og av rd: bord,  jord, verda, bål, Ola, folk. I ytterkantane av området for tjukk l har ein tjukk l berre av l, mens rd vert uttalt r. Tjukk l erstattar ikkje vanleg l i alle samanhengar. Til dømes har alle dialektar vanleg l i ord som begynner på l, same om dei elles har tjukk l eller ikkje: leite, liste, lur.

Meir om retrofleksar

Ved sida av tjukk l finst det også andre tjukke lydar eller retrofleksar. I austnorske, trønderske og nordnorske dialektar vert visse konsonantgrupper dregne saman og uttalte med tungespissen bakover mot ganen. Det gjeld

  • r+s:   Lars, bursdag
  • r+t:    port, kart
  • r+d:  ferdig, gardin
  • r+l:    perle, dårleg
  • r+n:  jern, garn
  • tjukk l +t: gult, malt


Desse retrofleksane har stort sett same utbreiing som tjukk l. Dessutan finn vi retrofleksar i heile Nord-Noreg, også i dei dialektane som ikkje har tjukk l. (Men sidan dei ikkje har tjukk l i Troms og Finnmark, har dei heller ikkje retrofleks i ord som gult, malt). I dei dialektane som ikkje har retrofleksar, vert lydane uttalte kvar for seg.

Dialektkart skarre-r. Illustrasjon.Dialektkart skarre-r  Skarre-r

 

Ein språklyd med ei spennande historie:

 

Skarre-r på frammarsj

 

Dialektkart palatalisering. Illustrasjon.Dialektkart palatalisering Palatalisering

 

  • pálatum
    latin for "gane"

3. Skarre-r

Det er to måtar å uttale r-lyden på, anten framme med tungespissen mot fortennene, eller bak i halsen. Den fremre lyden kallar vi rulle-r og den bakre skarre-r. Rulle-r-en er den opphavlege r-lyden i norsk, og han er framleis den vanlegaste.

Skarre-r-en kom truleg til landet på slutten av 1700-talet. Lyden har spreidd seg kraftig sidan den gongen, og i dag finn vi skarre-r i ei samanhengjande stripe langs kysten frå Tvedestrand i sør til og med Florø på Nordvestlandet

 

4. Palatalisering

Palatalisering kallar vi det når ein konsonant vert uttalt med j-farge. Du har kanskje høyrt visa om  "en mainn med hainnhuinn i bainn"? Denne visa er skriven på trønderdialekt, og j-lyden i mainn, hainnhuinn og bainn kjem av at trønderane pressar oversida av tunga mot den harde ganen når dei skal uttale nn

Det er ikkje berre nn som får ein palatalisert uttale, men også ll, dd og tt: mannj, ballj, reddj, stuttj. (Palatalisering vert oftast markert med med ein etterstilt j.) Som du kan sjå på kartet, er det heller ikkje berre trønderar som palataliserer konsonantar.  Vi finn dette målmerket i så godt som heile området frå Nord-Noreg og sørover til Sunnfjord og Mjøs-området.


Fordjuping

Dialektxperten. Logo.  


DialektXperten (ekstern)  inneheld 30 lytteprøver frå ulike delar av landet.

 

På denne nettstaden kan du også lese om enda fleire målmerke.

 

5. Nektingsadverbet "ikkje"

Ein annan god dialektmarkør er nektingsadverbet "ikkje". Ordet vert uttalt ulikt rundt omkring i landet:

  • Forma ikkje gjeld for heile Vestlandet og for Sørlandet utanom Kristiansand
  • Ikkje heiter det òg i Nord-Noreg med unntak av Finnmark.
  • I Finnmark seier dei ikke.
  •  Forma ikke finn vi dessutan på Søraustlandet, det vil seie i Oslo- regionen og sørover på begge sider av Oslofjorden. Også Kristiansand har ikke 
  • Heilt sør i Østfold finn vi ente eller inte.
  • Rundt Mjøsa og i flatbygdene på Austlandet seier dei itte.
  • I Trøndelagsfylka og noko ut på Nordmøre heiter det itj.