Fagstoff

Dialektlandet Noreg

Publisert: 26.01.2011, Oppdatert: 21.05.2013

Bilde: Odd NordstogaOdd Nordstoga 

Mange kjende norske musikarar framfører tekstane sine på dialekt. Telemarkingen Odd Nordstoga syng på Vinje-dialekt. Les meir om artistar som syng på dialekt i MiniXperten:

Dialekt i populærmusikken

Noreg i ei særstilling

I Noreg bruker vi dialekt i fleire samanhengar enn i noko anna land i Europa. Der det i andre land er vanleg å bruke eit normalisert rikstalemål, er det heilt akseptert å bruke dialekt hos oss. Slik sett kan vi kalle landet vårt for dialektlandet framfor noko i Europa. I videoen "Dialektlandet" fortel språkforskar Unn Røyneland frå Universitetet i Oslo kvifor det er slik.

Sjå videoen:

 

 

Danskar og svenskar bruker dialekt i langt mindre grad enn nordmenn.

Les meir

På nettstaden Nordens språk med røtter og føtter finn du fleire artiklar om bruk av dialekt i dei nordiske landa:

Norske dialektar i nordisk perspektiv

 

skjul

 

 

Nye dialektar veks fram etter kvart som samfunnstilhøva endrar seg. Sjå reportasjen om Høyanger-dialekten:

 

Spesiell dialekt i Høyanger

Litt dialekthistorie

Felles opphav

Alle norske dialektar har eit felles opphav, nemleg norrønt. Men allereie i vikingtida oppstod det nokre få dialektskilje. Dei gammalnorske handskrifta frå 1100-talet og utover viser også at talemålet i dei ulike landsdelane ikkje var einsarta, for skrivarar frå ulike delar av landet stava ord ulikt.

På 1200-talet begynte ein lang periode med store endringar i talemålet i heile landet. Også dialektforskjellane vart meir markerte, og på 1500-talet hadde talemålet i Noreg fått omtrent den forma som vi finn i dialektane i dag. Det som har endra seg mest etter år 1500, er ordtilfanget.

Geografiske forhold skapte skilje

Les meir

Det er geografiske forhold – høge fjell og mange og lange fjordar – som har hindra folk i å ha kontakt og slik skapt dialektgrenser i landet vårt. I avstengde bygdesamfunn brukte språkforholda å vere stabile. Setesdal er eit godt døme på ein stad der dialekten har halde seg uendra gjennom tidene fordi folket har hatt lite kontakt med andre.

Sjøferdsel skapte kontakt

Dei minst einsarta språksamfunn har vi hatt i byane, der det alltid har samla seg folk frå mange stader. Eit eksempel er talemålet i Bergen, som er sterkt påverka av hanseatarne som snakka nedertysk og dreiv handelsverksemd i byen heilt frå 1200-talet. Talemålet i kystbygdene og -byane har òg endra seg meir enn talemålet i innlandet fordi sjøvegen har vore den mest vanlege måten å ta seg fram på heilt fram til vår tid.

Industrialisering

På Vestlandet og i Nord-Noreg voks det på 1900-talet fram nye industrisamfunn som etter kvart blei til små bygdebyar. Hit kom arbeidarar og funksjonærar med familiar frå alle kantar av landet for å arbeide, og dei skapte ein særprega dialekt som braut med talemålet i dei omkringliggjande bygdene. Odda i Hardanger og Høyanger i Sogn er to døme på slike industrisamfunn som har fått sin eigen dialekt. Det lokale talemålet på desse stadene er oppblanda med dialekttrekk frå andre landsdelar.

skjul