Fagstoff

Det å vere profesjonell yrkesutøvar

Publisert: 09.03.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Ein dyktig servitør:

  • er blid og vennleg
  • liker å arbeide med og for menneske
  • viser omsorg
  • viser interesse og er glad i jobben sin
  • har som mål å gi gjesten ei god oppleving
  • har gode fagkunnskapar
  • kan kommunisere godt med kollegaer
  • kan salskunsten – veit kva som er lønnsamt, det som gir forteneste
  • er hygienisk og har god produksjonshygiene

 

 

Servitør

 

 

 

Kokk i kokkeklær. Foto.Servitør

 

 

 

Hjelpemiddel

Som servitør er det greitt å ha hjelpemidla i orden

  • handserviett
  • vinopnar
  • fyrstikker eller tennar
  • skrivesaker: notisblokk og kulepennar
  • lommebok til vekslepengar

Lurt å ha tilgjengeleg

  • rutetider for trikk, buss, tog og båt
  • kart over staden
  • oversikt over attraksjonar
  • smertestillande tablettar

Lurt å ha i garderobeskapet

  • sysaker
  • sikkerheitsnåler
  • pussefille til sko
  • deodorant
  • ekstra undertøy

En servitør holder et vinglass mot vinduet for å sjekke om det er rent. Foto.  

Servitøryrket kan både vere givande og slitsamt. Kvardagen kan vere stressande, og i tillegg er det mange daglege rutinar som krev at du er 100 prosent til stades. Arbeidet kan vere fysisk hardt fordi du ber på noko stort sett heile tida. I løpet av ei arbeidsøkt går du mange kilometer. Som servitør må du vere blid og imøtekommande sjølv dei dagane du ikkje føler deg heilt på topp. Det er viktig å kunne halde hovudet kaldt for ikkje å miste oversikta i ein travel periode.

Ein servitør må vere effektiv. Å vere omgjengeleg er ein stor fordel. Andre kvalitetar som tel, er humor og humør. Det er verkeleg ille å møte sure servitørar. Ein servitør vil dagleg møte menneske med ulike ønske og krav. Evna til å ta ting på sparket og finne kreative løysingar er derfor nødvendig. Før eller seinare vil du møte vanskelege og uforskamma gjester eller kollegaer. Hugs at du i slike situasjonar skal opptre høfleg og korrekt.

 

Personleg framferd

Måten du opptrer på i restauranten eller matsalen, vil alltid vere gjenstand for merksemd. Ver klar over at du blir nøye observert av gjestene, ikkje nødvendigvis med eit kritisk blikk, men rett og slett fordi det er naturleg. Det er derfor viktig at du får gode vanar. Som servitør representerer du bedrifta overfor kundane. Det medfører eit stort ansvar, som å gi gjestene ei god og minnerik oppleving. Det igjen krev at du har god fagkunnskap og gode menneskekunnskapar. Du skal utføre oppgåvene dine på ein slik måte at gjestene føler seg velkomne og hyggjer seg på serveringsstaden. Du må vise at du ser alle gjestene, sjølv om du har det travelt. Eit smil og eit nikk kan ha alt å seie for korleis gjestene opplever besøket, og det igjen er med på å bestemme om dei kjem tilbake eller ikkje. Målet må alltid vere å få gjesten til å trivast så godt at han kjem tilbake til restauranten neste gong han skal ut å ete. Då har han kanskje med seg nokre fleire gjester, eller han har anbefalt staden til venner og kjende.

Teorien er slik: Er ein gjest veldig misfornøgd med totalopplevinga, kan du rekne med at denne personen fortel det vidare. I realiteten har restauranten mist 100 gjester. Det vil seie at dei ikkje kjem til å besøke restauranten med det første.

Fagkunnskap er viktig. Som servitør må du kunne svare på spørsmål frå gjestene og rettleie dei til ei god mat- og vinoppleving. Her må du kunne gjere greie for menyen og kva tillagingsmåtar og råvarer som er brukte til dei ulike rettene. Og så klart må du ha kunnskapar om drikkevarer av alle slag.

Du må òg kunne svare på spørsmål frå turistar som lurer på attraksjonar i området. Då kan det vere lurt å ha rutetabellar og turistinformasjon lett tilgjengeleg.

Haldningar

Haldningane dine har mykje å seie for korleis du fungerer i ei bedrift. Dei som eig bedrifta, vil jo at dei tilsette gjer jobben sin best mogleg. Det er mykje som kostar pengar i ei bedrift: Sløsing, svinn og tjuveri gjer at det blir mindre pengar til utstyr og sosiale tilstellingar. Dersom du ikkje møter på jobben, går det ut over både kollegaer, gjester og bedrifta. Det er klart du skal vere heime dersom du er sjuk, men unødvendig fråvere kostar masse pengar. Å setje inn ein vikar betyr at bedrifta får ein stor ekstra kostnad.

Uniform

Servitøruniformen er ofte utforma for å vere tilpassa interiøret, bedriftstypen og forretningsideen på ein serveringsstad i ei bestemt bedrift. Uniformen (til både kokkar og servitørar) skal vere heil, rein og glatt. Skjorta (eller kokkejakka), buksa og framstykket skal vere nystrokne. Det skal vere svarte sko, og dei bør vere gode med solar tilpassa underlaget i den bedrifta du arbeider i. Det er lurt å ha eit ekstra par ståande i garderobeskapet slik at du kan byte ved behov. Med uniform er du ein representant for bedrifta, og uniformen gjer at gjestene kjenner deg att som servitør

Relatert innhald