Fagstoff

Hygiene

Publisert: 30.11.2010, Oppdatert: 04.03.2017
Mikroorganismer

Ordet hygiene kjem av det greske ordet hygieia, som betyr «sunn». Vi blir dagleg utsette for mikroorganismar som kan gjere oss sjuke. Derfor er det viktig å byggje opp og halde ved like eit godt immunforsvar. Du treng kunnskap om og gode haldningar til hygiene, slik at du kan førebyggje smitte og ta vare på både di eiga og andre si helse.

Bildet viser smittekjedenSmittekjeda 

 

vaske hender.foto.Hygiene på jobb  
 
jente som holder rent tøy.foto.Hygiene før og no  

 

rengjøringsutstyr.foto.Hygiene på kjøkkenet  
 
vanndråpe.foto.Reint vatn gir god hygiene  
 
 

«Hygiene er halve helsa»

(Libanesisk ordtak / www.ordtak.no)
 

«Å vaske seg – det er slettes ikke godt.
Børsten er bustet, og vannet er så vått.
Nei, skrubb og børste og såpevann er ikke noe for en røvermann»

(Frå Folk og røvere i Kardemomme by av Torbjørn Egner/www.ordtak.no)
    

Tenk over

Hygiene handlar om ulike tema, og desse er symboliserte med bilete i kolonnen til høgre.

  1. Lag eit tankekart for kvart av temaa. Kva har du lært om desse temaa på ungdomsskolen?
    Ta fram tankekarta når du er ferdig med å jobbe med temaa. Kva har du lært?
  2. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om dette fagstoffet?
  3. Diskuter og lag ein plan for korleis du vil jobbe med desse temaa. Du kan lage ein plan saman med klassen, eller du kan lage ein eigen plan for deg sjølv.
  4. Lag ein tekst eller eit rollespel ut frå eitt eller fleire av bileta på sida.
  5. Diskuter kva sitata over betyr.
Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald