Fagstoff

Framandlekam i luftvegane

Publisert: 25.11.2010, Oppdatert: 04.03.2017

Barn med framandlekame i halsen. Foto.   Små barn er spesielt utsette for å få framandlekamar
i luftvegane, men det skjer også med vaksne. Vi kallar
det gjerne at ein set  noko i halsen. Når dette skjer, vil kroppen prøve å få ut framandlekamen ved at vi byrjar
å hoste. Av og til blir framandlekamen likevel sitjande
fast. Da hastar det med å sørgje for frie luftvegar.

Førstehjelpa her går ut på å få ut framandlekamen. Framgangsmåten er forskjellig for vaksne og barn.