Fagstoff

Fatisk språkfunksjon

Publisert: 09.12.2010, Oppdatert: 04.03.2017
Formell eller uformell samtale?

Å kommunisere inneber å halde kontakt med nokon. Denne kontakten er viktig for at kommunikasjonen skal fungere, men av og til må vi jobbe ekstra for å halde på han.

Tenk deg til dømes at du står og snakkar med ei veninne som du ikkje har sett på ei stund. De prøver å få i gang ein samtale, men merkar at det stoppar litt opp. Då kan vi f. eks. leggje inn ”ekstraord” som ”liksom”, ”eee”, ”ja ja” osv. På den måten sørgjer vi for at det heile tida blir utveksla ord og lydar, og vi held liv i kommunikasjonen.

Dette omgrepet blir gjerne erstatta med sosial. Det kan gjerne tydeleggjere eit viktig poeng ved denne typen språkbruk. Dersom den sosiale funksjonen står mest sentralt i språket, er vi meir opptekne av den sosiale og mellommenneskelege delen av kommunikasjonssituasjonen, enn vi er av innhaldet i det vi seier.

To menneske som snakkar om vêret medan dei ventar på at bussen skal kome, er gjerne ikkje veldig opptekne av om det regnar eller snør, men dei er truleg ganske interesserte i å ha kontakt med kvarandre, og i alle fall å unngå det vi ofte kallar ”pinlege pausar”...

Kva kan vi snakke om når vi ikkje kan snakke om véret?


  

Relatert innhald