Fagstoff

Nyttige adresser når du arbeider med kost og ernæring

Publisert: 25.03.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Frokost

Her finn du lenkjer til nokre av dei nettstadene du kan få bruk for i arbeidet med mat og ernæring.

Kost og ernæring er eit stort og spanande område som du kan bruke mykje tid på å fordjupe deg i dersom du ønskjer det.

Gutt som jobbar med PC. Illustrasjon.Niels Henrik jobbar med pc 

 

 

Vi får stadig ny kunnskap om korleis kosthaldet verkar på helsa vår. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du halde deg fagleg oppdatert. Det betyr at du må følgje med slik at du får med deg dei endringane som skjer til kvar tid.

 

 

Teikning av gut som skriv. Illustrasjon.Å søkje informasjon 

Du finner mengder med fagstoff med å søkje på nettet, men hugs å vere kritisk til det du finn, for det er ikkje alt som er like seriøst. Her er nokre nyttige adresser:

Lovdata

Her finn du ei rekkje lovar som handlar om kost og ernæring.

Mattilsynet

Mattilsynet steller med alle lovane som handlar om produksjon og omsetjing av mat (matkjeda frå jord og fjord til bord).

Helsedirektoratet

Helsedirektoratet jobbar blant anna med folkehelse, levekår, primærhelsetenester og spesialisthelsetenester. I tillegg jobbar de med tverrgåande arbeidsområde som psykisk helse, rus, helseøkonomi og finansiering og administrasjon.

Regjeringen

Her vil du kunne finne mykje fagstoff knytt til kosthald, men delar av det kan vere vanskeleg.

Matportalen

Matportalen presenterer forbrukarretta informasjon frå offentlege styresmakter og forskningsmiljø. Hovudvekta ligg på sunn og trygg mat.

Diabetes

Fagstoff om diabetes.

NAAF

Norges Astma og Allergiforbund

Du kan også finne fagstoff på sidene til dei ulike opplysningskontora. Adressene til opplysningskontora finn du i kokeboka eller med å søkje på nettet.

Gjør deg kjent på nettstedene over

Noter ned adresser på andre gode nettstader du finn.

Relatert innhald