Video

Introduksjon til systematikk og klassifikasjon

Publisert: 22.11.2010, Oppdatert: 04.10.2012

Definisjon på systematikk

Systematikk i vid forstand er det vitskaplege studiet av biologisk diversitet og det evolusjonære slektskapet mellom organismar. Dette inkluderer namnsetjing, identifikasjon, beskriving og klassifisering av organismane i eit hierarkisk klassifikasjonssystem.
Det sistnemnde svarer til ein snever definisjon av systematikk og er det same som taksonomi.

Taksonomiske nivå

RIKE – REKKJE/DIVISJON – KLASSE – ORDEN – FAMILIE – SLEKT – ART

Klassifisering av tyttebær

Klassifisering av mennesket

  • Art: Tyttebær (Vaccinium vitis-idaea)
  • Slekt: Bærlyngslekta (Vaccinium)
  • Familie: Lyngfamilien (Ericaceae)
  • Orden: Ericales
  • Klasse: Ekte tofrøbladete (Eudicots)
  • Divisjon: Dekkfrøa blomsterplantar (Angiospermae)
  • Rike: Planteriket (Plantae)
  • Art: Mennesket (Homo sapiens)
  • Slekt: Menneskeslekta (Homo)
  • Familie: Menneskeapar (Hominider)
  • Orden: Primat
  • Klasse: Pattedyr (Mammalia)
  • Underrekkje: Virveldyr (Vertebrata)
  • Rekkje: Ryggstrengdyr (Chordata)
  • Rike: Dyreriket (Animalia)