Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjon og kommunikasjonsformer

Kommunikasjon betyr å gjere noko felles. Vi kommuniserer ved hjelp av språk og visuelle teikn. Personleg kommunikasjon kan føregå ansikt til ansikt eller via sosiale medium. Kommunikasjon via aviser, radio og TV blir kalla massekommunikasjon.
To personar kommuniserer. Dei er teikna i gult. Tankane deira er illustrerte med strekar og silhuettar inne i hovudet på dei, og det går stipla linjer mellom dei. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ordet kommunikasjon kjem frå latin og betyr «å gere felles». Kort forklart går det ut på at individ utvekslar ein bodskap seg imellom ved hjelp av eit felles symbolsystem.

Måten vi kommuniserer på og kva for nokre kanalar vi kommuniserer gjennom, er i stadig endring. Vi kallar det for kommunikasjonsformer.

Verbal og ikkje-verbal kommunikasjon

Menneske kan kommunisere verbalt eller ikkje-verbalt. Språket er eit verbalt symbolsystem som vi bruker når vi snakkar og skriv. Verbal kommunikasjon føreset at vi kjenner språkkodane til dei vi kommuniserer med, elles blir det vanskeleg.

Men vi kan òg kommunisere ikkje-verbalt ved hjelp av kroppsspråk og visuelle symbol. Gamle holemåleri fortel oss historier om korleis steinaldermenneska levde liva sine for fleire tusen år sidan. Som turistar bruker vi fingerspråk og ansiktsuttrykk til å kommunisere med menneske som ikkje snakkar same språket som oss.

Kommunikasjonsformer

  • Personleg kommunikasjon er tovegskommunikasjon mellom to eller få personar, der deltakarane møtest ansikt til ansikt. Kommunikasjonen er privat og prega av direkte tilbakemeldingar.
  • Personleg mediert kommunikasjon er ei blanding av privat og offentleg kommunikasjon ved hjelp av teknologiske medium. Deltakarane skiftar på å vere sendarar og mottakarar.

  • Massekommunikasjon er kommunikasjon der éin sendar formidlar ein bodskap til mange mottakarar samtidig gjennom eit medium. Avsendaren er profesjonell, og mottakarane har avgrensa høve til å gi tilbakemelding.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Nupen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2018

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar