Oppgåve: Feltoppgåve

Hybridar av bjørk

Publisert: 18.11.2010, Oppdatert: 04.03.2017
Visdalen

På ein ekskursjon i fjellet vil du raskt sjå at det veks mykje bjørk her. Den av og til så krokete fjellbjørka er ein underart av vanleg bjørk, mens dvergbjørka er ein eigen art som er krypande og buskforma. I denne oppgåva skal du prøve å finne krysningar (hybridar) mellom dei to artane.

 


Lave trær i fjellet.Fjellbjørk veks mellom lyng og annan vegetasjon.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

 

 

Bjørk med runde, små blader.Dvergbjørk.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

 

 

To ulike bjørkekvister.Dvergbjørk bakerst og hybrid av fjellbjørk og dvergbjørk framfor.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

 

 

Tre kvister på rødt underlag.Dvergbjørk til venstre, bjørkehybrid i midten og fjellbjørk til høgre.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen

 

 

Utstyr

Du treng:

  • digitalt kamera eller mobiltelefon med kamera
  • GPS (viss mogleg)
  • skriveunderlag
  • linjal eller skyvelære
  • flora
  • bakgrunnsmateriell om artar og hybridar av bjørk i Noreg

Bjørkeartar

I Noreg har vi tre bjørkeartar: vanleg bjørk, hengjebjørk og dvergbjørk. Vanleg bjørk (Betula pubsecens) har to underartar: dunbjørk (Betula pubescens pubescens), som veks til store tre i låglandet, og fjellbjørk (Betula pubescens tortuosa) som veks på fjellet.

Fjellbjørka har stivare og glattare blad enn dunbjørka, og blada har kraftige tenner langs bladkanten. Om hausten blir blada til fjellbjørka gule. Fjellbjørka er vakker med rett, kritkvit stamme og ei regelmessig krone når ho veks i god jord slik som på setervollar, mens stammen og trekrona blir krokete i bratte lier med mykje vind og stort snøfall. I Noreg er fjellbjørka registrert heilt opp til 1580 moh. og dannar skoggrensa til høgfjellet.

Dvergbjørka (Betula nana) skil seg kraftig frå fjellbjørka med den buskaktige og krypande veksemåten sin. Blada er små (cirka 1 cm i diameter), stive og har taggete rand. Om hausten blir blada kraftig raude og er svært vakre. Dvergbjørka, som òg blir kalla ”kjerringris”, veks på myrer i låglandet og i store område av fjellet, ofte saman med lyng og vier, men ho toler ikkje eit langvarig dekke av snø.

Hybridar

Bjørkene er ikkje trufaste! Dei har ei stor evne til å krysse seg med kvarandre og danne hybridar (krysningar). Sjølv om fjellbjørka og dvergbjørka har ulikt sett med kromosom, dannar dei lett hybridar. Hybridane som veks opp, har ein bladfasong som er ein mellomting mellom fjellbjørk og dvergbjørk. Dei kryssar seg òg tilbake igjen med vanleg bjørk (både med fjellbjørk og dunbjørk), og dette kan vere årsaka til at det berre er svært små genetiske forskjellar mellom artane av bjørk.

Kan du finne bjørkehybridar?

Når du er på ekskursjon til fjellet, kan du sjå hybridisering av bjørk i praksis. For å sjå hybriden mellom fjellbjørk og dvergbjørk må du først finne eksemplar av dei to reine artane og sjå korleis blada på desse ser ut. Deretter må du leite etter hybridar som vil ha ei form på blada som ligg mellom blada til fjellbjørka og dvergbjørka. Om hausten vil fargen på blada til hybriden vere oransje, altså ein mellomting mellom dei gule blada til fjellbjørka og dei raude haustblada til dvergbjørka.

Prøv å gjere eit anslag over kor mange bjørkehybridplantar du kan finne. Kan du sjå om hybridplantane har spreidd seg i større bestandar? Dokumenter funna dine ved å ta bilete og ved å samle inn nokre få kvistar av dei to bjørkeartane og av hybridplantane. Ta nærbilete av blada. Plukk 40–50 blad av fjellbjørk, dvergbjørk og hybridar frå same området. Mål største lengda og breidda på blada, og lag diagram som illustrerer forskjellane. Du kan eventuelt samle blada frå kvar plante i små plastposar og måle seinare, men hugs å merkje materialet! Viss du har GPS og finn bestandar av bjørkehybridar, kan du notere deg posisjonen til desse.

Til ekskursjonsrapporten:

Lag ei forklaring på kva ein hybrid generelt sett er, og ta for deg korleis bjørk dannar hybridar spesielt. Beskriv korleis hybridplantane du fann, såg ut, og kor mange plantar eller bestandar av plantar du fann. Presenter dette grafisk, og kommenter resultata du fann då du målte bladlengd og bladbreidd på plantane. Bruk Internett og prøv å finne ut meir om hybridar av bjørk (hugs kjeldetilvisingar). Illustrer rapporten med bilete du tok på ekskursjonen.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald

Generelt