Her er ei oversikt med eksempel på kva det kan være naturleg å samarbeide om. Dette er ikkje ei komplett liste over område det er naturleg å samarbeide om, så du finn nok fleire dersom du tenkjer deg om.
I arbeid i oppvekstsektoren
I det pedagogiske arbeidet kan ein samarbeide om
- å utarbeide konkrete mål og finne fram til det som skal gjerast (innhald) for å nå måla
- å observere enkeltindivid og grupper av barn og unge
- å finne fram til metodar som gjer at ein når måla
- å vurdere
- å planleggje den daglege drifta av barnehage, skule og SFO
Barna og dei unge er med og samarbeider
- i her-og-no-situasjonar
- om planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar
- i daglege rutinar som å kle på og av seg, måltid, stell osv.
- ved innreiing av rom eller ommøblering
- i samband med enkelt reinhald og det å halde orden
- i samband med innkjøp og så vidare
- ved val av arbeidsformer
- om å utarbeide gruppereglar
Med foreldra kan ein samarbeide
- om kva tilbodet skal innehalde
- om ei felles forståing av føremålet med verksemda
- om å inkludere alle
- om påkledning, hygiene og kosthald
- om turar
- om planar
Medarbeidarar kan samarbeide
- om arbeidstid og oppgåver
- om fordeling av ansvar
- om arbeidsplanar
- om arbeidsfordeling
- om vidareutdanning
- om planlegging, gjennomføring og evaluering
Eigarar av verksemda kan samarbeide om
- arbeidstid
- arbeidsdeling
- utforming av lokale og uteområde
- bruksområde
- økonomi
- vedlikehald
Utfordringar til deg
- Klarer du å finne fleire personar som du som barne- og ungdomsarbeidar må kunne samarbeide med?
- Kjenner du til fleire område det er viktig å samarbeide om?
- Intervju ein tilsett i barnehage eller skule om samarbeid.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Kjell Arne Standal, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018