Hopp til innhald

Fagstoff

Gruppepress

Når barna er ti–tolv år gamle, er kameratane ofte viktigare enn foreldre og lærarar. Kamerat- eller veninnegjengen får mykje å seie for den enkelte. Alle ønskjer å høyre til ein stad og å bli aksepterte. Gruppa kan stille mange krav til korleis ein skal vere for å bli godteken av fellesskapen.
Fire menn med lyse skjorter står med ryggen til og ein mann med singlet står vend fram. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å vere i ei gruppe

Når vi er med i ei gruppe, må vi til ein viss grad tilpasse oss normene og reglane som gjeld i gruppa. Reglane treng ikkje å vere uttalte, men dei kjem likevel tydeleg fram. Dette skaper gruppekjensle og samhald.

Vi identifiserer oss med gruppa og føler lojalitet til henne. Dei som oppfører seg annleis enn medlemmene i gruppa, eller dei som ser annleis ut, kan bli sedde på med forakt og bli utestengde frå gruppa. Iblant har gjengen ein dominerande "leiar".

Når krava om konformitet (likskap) blir for sterke, snakkar vi om gruppepress. Nokre gonger kan eit slikt sosialt press vere positivt – til dømes når venene overtyder nokon om at det er smart å ta ei utdanning, at det er fornuftig å ete sunt, eller at det er viktig å delta i politiske val.

Gruppepress

Ofte verkar gruppepress negativt og kan kome til uttrykk som: "Er du feig, eller?", "Dersom du ikkje prøver, så gidd ikkje eg å vere ven med deg meir!"

Her er nokre døme på gruppepress:

  • drikkepress
  • røykjepress
  • sexpress
  • slankepress
  • motepress (til dømes klede, sko, frisyre, motorsykkelmerke)
  • musikkpress (kva slags musikk det er "lov" å like)
  • språkpress (sjargong, slang)

Fleire av desse "pressa" kan innebere store økonomiske kostnader. Mest alvorleg er likevel det som gjeld utsjånaden. Unge menneske er svært opptekne av korleis dei ser ut. Eteforstyrringar som følgje av overdriven slanking kan både vere livsfarleg og føre til at ein blir slapp og får hovudpine, noko som igjen går utover skulearbeid og jobb.

Å stå imot gruppepress krev sjølvtillit. Vi kan

  • nekte å vere med på negative aktivitetar
  • gå vår veg og late som vi må gjere noko anna
  • appellere til fornufta: "De er for smarte til å gjere noko slikt."
  • appellere til venskapen: "Eg vil ikkje at de skal hamne i trøbbel."

Blant dei unge oppstår gruppepress helst i grupper der medlemmene ikkje kjenner kvarandre så godt. Ein er ikkje heilt sikker på kva dei andre står for. Då oppstår det gjerne misforståingar. Det er til dømes ikkje uvanleg at alle jentene i ein gjeng begynner å røykje sjølv om ingen av dei eigentleg synest det er godt. Derimot er dei overtydde om at alle dei andre synest røyking er tingen. I ein annan gjeng kan alle gutane tru at alle dei andre har eit aktivt sexliv, mens ingen verkeleg har debutert seksuelt enno.

Vi kan òg oppleve gruppepress på jobben, i politikken og i organisasjonslivet. Nokre gonger føler vi oss tvinga til å gjere noko som strir mot overtydinga vår fordi fleirtalet ønskjer det.

Når vi gir etter for press, kan det kome av at vi

  • er redde for å tape ansikt
  • er redde for å bli erta eller mobba
  • fryktar å miste tilhøyrsel og vener
  • er redde for å miste jobben
  • ikkje har kunnskap nok til å kunne føreslå eit alternativ
  • synest det blir minst "mas" å gi etter
  • har for dårleg sjølvtillit til å nekte

Ofte høyrer vi til fleire grupper samtidig og kan hamne i krysspress. Alle grupper har eigne normer og reglar for åtferd som alle godtek. I eitt ungdomsmiljø kan norma vere å bruke ein bestemt type klede, mens det i eit anna kan vere norma å unngå nettopp denne typen klede.

Å stå imot gruppepress

Det er vanskeleg å motstå gruppepress. Alle ønskjer å bli godtekne og respekterte. Det oppnår vi lettast ved å vere einige med fleirtalet.

Barne- og ungdomsarbeidaren kan demme opp for noko av gruppepresset ved å gjere det han eller ho kan for å gi barna og dei unge sjølvtillit nok til å sjå og vere kritiske til gruppepresset. Ofte skal det ikkje meir til enn at ein person tør å seie frå, så blir makta til "leiaren" broten. Dei fleste unge er fornuftige og veit kva som eigentleg er rett å gjere.

Utfordringar til deg

  1. Kan du gi nokre dømepå gruppepress?
  2. Korleis kan gruppepress oppstå?
  3. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere for å førebyggje gruppepress?
CC BY-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Grupper