Oppgåve: Problem

Stamceller – det fleksible arvematerialet

Publisert: 05.11.2010, Oppdatert: 08.10.2013

Her finn du spørsmål til diskusjon og etterarbeid og arbeidsoppgåver til videoen Stamceller: Det fleksible arvematerialet.

Du finn også lenkjer til Bioteknologinemnda, naturfag.no og viten.no der du kan finne utfyllande materiell.

Spørsmål

  1. Kva er forskjellen på totipotente, pluripotente og multipotente stamceller?
  2. Korleis blei sauen Dolly laga?
  3. Kva er forskjellen mellom terapeutisk kloning og reproduktiv kloning?
  4. Det er vanskeleg å klone dyr. Synest du det er greitt at fleire av dei klona embryoa døyr, at klona foster døyr, og at fleire av dei klona dyra får sjukdommar som kjem av at dei er klona?
  5. Ville du drukke mjølk og ete kjøtt frå klona dyr? Bør slik mat vere merkt? Kva med kjøtt frå naturleg avkom etter klona dyr?
  6. Somme meiner at eit foster får høgare grad av menneskeverd etter som det utviklar seg, slik at eit embryo på 16-cellestadiet har meir menneskeverd enn eit befrukta egg, og eit foster i 12. veke har meir menneskeverd enn eit embryo. Korleis ser du på ei slik gradering av menneskeliv etter kva biologiske stadium embryoet/fosteret er i?
  7. Når meiner du det nye livet startar når det ikkje begynner med ei befruktning, som i tilfellet med sauen Dolly?

 

Arbeidsoppgåve 1

Kva for kjelder har vi for stamceller? Beskriv praktiske og etiske fordelar og ulemper med dei ulike kjeldene.

Arbeidsoppgåve 2

Arranger ein lekfolkskonferanse om stamceller og kloning som omtalt i heftet "Stamceller og kloning", sjå lenkje.

Relatert innhald