Oppgåve: Problem

Gener – kva skal vi med kunnskap om gena?

Publisert: 05.11.2010, Oppdatert: 09.10.2013

Filmen fortel om kva gen er, og kva vi kan bruke kunnskap om gena til. Han viser kva utfordringar bioteknologane møter i arbeidet sitt.

Her finn du spørsmål til diskusjon og etterarbeid og arbeidsoppgåver til videoen. Du finn også lenkjer til Bioteknologinemnda, naturfag.no og viten.no der du kan finne utfyllande materiell.

Spørsmål

  1. Kva for teknikkar kan ein bruke for å genmodifisere plantar?
  2. Når ein genmodifiserer eit dyr, må ein setje dei nye gena inn i eit befrukta egg. Kvifor blir forskjellige teknikkar brukte ved genmodifisering av plantar og dyr?
  3. Kva for organismar meiner du det er akseptabelt å genmodifisere?
  4. På Island er det ei bedrift som produserer menneskeleg veksthormon i byggkorn. Korna er svarte for å skilje dei frå vanlege byggkorn. Kva fordelar har det å produsere medisin i matplantar? Kva kan risikoen med dette vere?

 

Arbeidsoppgåve 1

Finn eksempel på plantar og dyr som er ferdig sekvenserte, det vil seie at ein kjenner heile DNA-sekvensen (genomet) til organismen.

Arbeidsoppgåve 2

Genmodifisert nellik med lilla farge og som kan lagrast lenge, var den første genmodifiserte organismen som ble godkjend for import og sal i Noreg. I genteknologiloven står følgjande:
”Utsetting av genmodifiserte organismer kan godkjennes når det ikke foreligger fare for miljø- og helsemessige skadevirkninger. Ved avgjørelsen skal det dessuten legges vesentlig vekt på om utsettingen har samfunnsmessig nytteverdi og er egnet til å fremme en bærekraftig utvikling”
Kva vurderingar kan liggje bak denne godkjenninga? Kven har godkjent nelliken? Kva rolle har Bioteknologinemnda ved godkjenning av genmodifiserte organismar, og kva synspunkt på genmodifisert nellik har nemnda argumentert for?

Arbeidsoppgåve 3

Hos modellorganismar kan vi studere verknaden gena har for eigenskapar ved å slå ut eller setje inn ulike gen. Genmodifisering av menneske er ikkje lov, men vi kan sjå på naturleg oppståtte variantar. Korleis kan vi finne samanhengar mellom eigenskapar og genvariantar hos menneske utan å bruke genmodifisering? Gi konkrete eksempel.

Arbeidsoppgåve 4

I mange lærebøker står det at humant insulin blir produsert av genmodifiserte bakteriar. I filmen ser vi bilete frå ein fabrikk som produserer insulin i genmodifiserte gjærceller. Kva fordelar har ein ved å bruke gjær framfor bakteriar?