Oppgåve: Problem

Bioteknologi – ein kort introduksjon

Publisert: 05.11.2010, Oppdatert: 09.10.2013

Her finn du spørsmål til diskusjon, etterarbeid og arbeidsoppgåver knytt til filmen "Bioteknologi – en kort introduksjon". Du finn også lenkjer til Bioteknologinemnda, naturfag.no og viten.no der du kan finne utfyllande materiell.

Spørsmål

  1. Kva er bioteknologi?
  2. Kva er genteknologi?
  3. Kva er enzym?
  4. Kva er forskjellen på eukaryote og prokaryote celler?
  5. Gi eksempel på ulike typar bioteknologi.
  6. Kvifor kan vi seie at produksjon av yoghurt er bioteknologi? Nemn andre produkt frå bioteknologien du har heime.
  7. Kva for eigenskapar har vi konsentrert oss om å få fram i tradisjonell avl av storfe og laks?
  8. Ved produksjon av fruktjuice blir det brukt amylase og pektinase. Kvifor?

 

Arbeidsoppgåve 1

Søk på nett, og finn ulike definisjonar av bioteknologi. Vel ut den definisjonen du synest er best, eller lag ein ny på grunnlag av dei du har funne.

Arbeidsoppgåve 2

Kva er restriksjonsenzym, og kva er spesielt med desse enzyma? Nemn minst tre forskjellige. Kvar finst restriksjonsenzyma naturleg, og kva for oppgåve har dei der?

Arbeidsoppgåve 3

Kva er PCR, og korleis fungerer metoden? Kva kan vi bruke han til?

Arbeidsoppgåve 4

Elektroforese er ein metode som vi kan bruke til å skilje DNA-fragment av ulik lengd. Forklar korleis denne metoden fungerer.

Relatert innhald