Fagstoff

Økologisk dyrehald

Publisert: 08.11.2010, Oppdatert: 04.03.2017
Ø-merke

God dyrevelferd og god dyrehelse er ei viktig målsetting i økologisk landbruk. Forskjellen mellom økologisk og konvensjonelt dyrehald ligg blant anna i oppstallingsforhold, lufting, fôrmiddel og sjukdomsbehandling.

Bilde av kyr i en båsfjøsDyr i båsfjøs (oppbundne) skal ha tilgang til lufteareal og luftast jamnleg også utanom beitesesongen.  

 

 

 

 

Tre grisar. Foto.Før konvensjonelle dyr kan godkjennast som økologiske, må desse gjennom ei karenstid. I denne perioden skal dyra fôrast og stellast etter økologiske retningsliner.    

 

 

 

 

Bilde av en kuForskere ved landbrukshøgskolen på Ås har utviklet et økologisk fôr som betyr bedre kvalitet og langt lavere kostnader for bonden.  

 

 

 

 

Bilde av en villsauVed sjukdomsbehandling blir det lagt vekt på naturlege middel og metodar, som homøopati, dersom det er ei forventning om at behandlinga verkar etter hensikta. 

Dyremiljø

I byrjinga av 2001 blei det innført eit krav om at alle nye fjøs skal vere lausdriftfjøs. Det er lov å bruke eksisterande båsfjøs fram til 1. januar 2011. Etter denne dato skal alle husdyrrom vere egna for lausdrift. Dyr i båsfjøs (oppbundne) skal ha tilgang til lufteareal og luftast jamnleg også utanom beitesesongen. Liggearealet skal vere på tett, fast golv og ha tilstrekkeleg med strø. I regelverket er det gitt nærare spesifikasjonar om krava til besetningstettleik, arealgrunnlag og utforming av husdyrrom. 

Parallellproduksjon

Parallellproduksjon er kombinert økologisk og konvensjonell drift på same gard. Det er ikkje lov å ha eit permanent opplegg med til dømes økologisk mjølkeproduksjon og konvensjonell kjøtproduksjon på same gardsbruk. Debio kan likevel gi dispensasjon for parallellproduksjon med same art husdyr i ein periode på inntil tre år frå starten på omlegginga. 

Rekruttering

Inseminering er lov. Det er derimot ikkje tillate med medisinsk brunstregulering eller brunstframkalling og embryo-overføring.

Innførsel av dyr

I utgangspunktet skal økologisk godkjente dyr kjøpast inn når besetninga blir fornya. Dersom økologiske dyr ikkje er tilgjengeleg, kan konvensjonelle hodyr for avl innførast med inntil 10 prosent av antal vaksne dyr i besetninga. Ved oppstart av husdyrhald, utviding av besetninga, i små besetningar eller ved utskifting av rase, kan det tillatast å innføre meir enn 10 prosent.

Karenstid

Før konvensjonelle dyr kan godkjennast som økologiske, må desse gjennom ei karenstid. I denne perioden skal dyra fôrast og stellast etter økologiske retningsliner. I karenstida må husdyrhaldet kontrollerast av Debio. For økologisk godkjenning av mjølk er karenstida 6 månader. For kjøt og sal av livdyr er karenstida 12 månader. Først etter at karenstida er gjennomgått, kan produksjonen godkjennast som økologisk.

Fôr

Frå og med 2005 skal fôringa vere 100 prosent økologisk. Men fordi det er avgrensa tilgang på økologisk fôr, kan det i ein overgangsperiode - etter søknad - tillatast å bruke ein viss andel ikkje-økologisk fôr - les meir om det her. Korkje økologisk eller ikkje-økologisk fôr kan innehalde antibiotika, genmodifiserte tilsetningar, syntetiske aminosyrer, syntetiske appetittstimulerande middel (som Chrina), syntetiske fargestoff, syntetiske vekstfremjande middel som urea eller monoammoniumfosfat. Fôr til drøvtyggarar skal ikkje innehalde ingrediensar som stammar frå dyr (animalier), bortsett frå mjølk, mjølkeprodukt og fiskeprodukt. Grovfôrandelen skal utgjere minimum 60 prosent av det totale fôrbehovet, rekna i energiinnhald og på årsbasis.

Førebygging og behandling av sjukdomar

Førebygging av sjukdom byggjer på prinsippa om eit etisk dyrehald, og det blir lagt vekt på å styrke dyra si naturlege motstandskraft. Dette inneberar at dyra får tilstrekkeleg mosjon og gode beiter, at det blir vald hensiktsmessige avlsdyr, at besetningsstørrelsen blir avpassa og at det det blir brukt høgverdig fôr. Dersom det av dyrevelferdsomsyn må brukast kjemisk/syntetisk medisin, er tilbakehaldstida dobbelt så lang som vanleg. Rutinemessig behandling med kjemisk/ syntetisk medisin er ikkje tillate, unntatt ved behandling mot ekto- og endoparasittar, dersom det er fare for smitte. Vaksinering er tillate. Det er avgrensingar på kor mange behandlingar med legemiddel med tilbakehaldstid kvart enkelt individ kan ha i løpet av eitt år. Dette er nærare spesifisert i rettleiinga til regelverket.