Fagstoff

Vår plass i universet

Publisert: 04.11.2010, Oppdatert: 04.03.2017
Melkeveien over Lake Mary, Flagstaff, Arizona

Vi tek imot mykje informasjon frå verdsrommet, tenk berre på stjernelyset ei klar natt. Menneska har til alle tider tolka informasjonen på forskjellig vis og danna seg eit bilete av verda ut frå det. Før vi tek fatt på kapitlet om stråling og radioaktivitet, kan det vere lurt å sjå litt på verdsbiletet vårt og kva vi har gjort for å skaffe oss informasjon om solsystemet vårt, verdsrommet og universet.

Et kryss markerer hvor sola er i melkeveien.Mjølkevegen, slik vi trur han ser ut, med den omtrentlege plasseringa av sola. 

 

Person som står på et utsnitt av jorda.Simulering: Sjå korleis sola beveger seg over himmelen. 

Solsystemet vårt

Vi bur i galaksen Mjølkevegen, som er ein middels stor galakse. Han består av mellom 200 og 400 milliardar stjerner, og sola er ei av desse.

Jorda beveger seg i ein nesten sirkelrund bane rundt sola, samtidig som ho snurrar rundt seg sjølv. Aksen til jorda peiker i same retninga heile tida, og det fører til at vi får årstidsvariasjonar. Dersom du vil sjå korleis dette ser ut på forskjellige stader på jorda til ulike tider, kan du klikke på simuleringa.

Sola, jorda og månen med skygger inntegnet.Simulering: Eksperimenter med sol- og måneformørkingar. Jorda har ein måne som gjer eit omløp rundt jorda på cirka 29,5 døgn. Av og til kjem månen mellom jorda og sola. Då får vi solformørking, men vi burde kanskje heller kalla det jordformørking? Dersom jorda kjem mellom sola og månen, blir det måneformørking. Sidan jorda er mykje større enn månen, blir månen oftere formørkt enn jorda.

Det er sju andre planetar som går i liknande banar rundt sola. Jorda er nummer tre, og saman med Merkur, Venus og Mars utgjer vi det indre solsystemet. Det ytre solsystemet har planetane Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun.

Observasjon av verdsrommet

Dei første teleskopa blei laga i starten på 1600-talet i Nederland, men den italienske vitskapsmannen Galileo Galilei gjorde store utbetringar på designen i åra som følgde. Nedanfor kan du sjå og prøve korleis eit optisk refraksjonsteleskop verkar.

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialise correctly. Download player
Simulering: Refraksjonsteleskop. Vel lysopning, okular og mål før du fokuserer. 

Lenke til simulering.Simulering: Prøv korleis linser samlar og spreier lys, og korleis hole speglar verkar som samlelinser. 

 

Store paraboler står i rekker og rad.Radioteleskop. Mange parabolar er kopla saman og verkar som ei eining. 

 

Romkapsel.Vostok 1. 

 

Rakett tar av.Saturn V-raketten sender Apollo 11 i veg mot månen. 

 

Astronaut ved et landingsfartøy.Neil Armstrong på månen, ved sida av landingsfartøyet. 

 

This node does not support insertion type thumbnail   

Forskjellige teleskoptypar

Det dei fleste tenkjer på når det gjeld teleskop, er lysteleskop. Dei kan vere så små at vi kan ha dei på eit stativ heime, eller kjempestore og vere plasserte i eigne bygningar med kuplar som ligg på fjelltoppar og i ubygde strøk. Lysteleskopa kan bruke linser eller spegel til å samle lyset.

TEleskpet med jorda i bakgrunnen.Hubble-teleskopet gjer observasjonar.Det er likevel mykje meir enn det synlege lyset som er av interesse når vi skal bli kjende med verdsrommet. Vi tek imot bølgjer (stråling) med bølgjelengd frå mindre enn éin nanometer til fleire kilometer. Etter kvart har astronomane lært seg korleis dei kan samle og analysere dei forskjellige strålingstypane, både frå observatorium på jorda og frå satellittar i verdsrommet. Det mest kjende teleskopet er kanskje hubbleteleskopet?

Romfartshistorie

Ei kule med fire antenner.Sputnik, den første satellitten i verda.Menneske har alltid drøymt om å utforske verdsrommet, og ideane om korleis vi skulle komme dit, har vore mange. Det finst mange utfordringar, mellom anna at verdsrommet er tomt for luft, og at farten for å komme opp i bane rundt jorda må vere minst 8 km/s. Med utviklinga av fleirtrinnsrakettar med flytande drivstoff har draumane etter kvart blitt verkeleggjorde. Etter andre verdskrigen og i 30 år framover var det eit veritabelt romkappløp mellom USA og Sovjetunionen.

Viktige milepålar i utforskinga av rommet har vore:

  • 1926: Robert Hutchings Goddard lagar ein brukbar rakett.
  • 1957: Sputnik blir sett i bane rundt jorda.
  • 1957: Hunden Laika i bane rundt jorda i Sputnik 2.
  • 1958: Første kommunikasjonssatellitt, SCORE.
  • 1961: Verdas første kosmonaut, Jurij Gagarin, i jordbane med
    Vostok 1.
  • 1962: John Glenn blir den første amerikanske astronauten i bane rundt jorda.
  • 1959: Russarane sender den ubemanna Luna 1 til månen.
  • 1969: Neil Armstrong er det første mennesket som set fot på månen.
  • 1975: Det amerikanske romfartøyet Apollo og det sovjetiske Soyuz blir kopla saman i rommet og markerer kanskje slutten på romkappløpet.

Utviklinga av universet

Som nemnt i starten har menneska hatt forskjellige verdsbilete opp gjennom tidene. Sjølv om vitskap og forskarar i dag er nokså einige om at verda blei skapt i eit "Big Bang" for 13,75 milliardar år sidan, har ulike religionar og folk flest sine eigne oppfatningar om korleis alt blei til.

Sjå eforelesinga som kort fortel kva vitskaplege teoriar om starten på og utviklinga av universet går ut på. Når du har sett han, kan du leike deg litt med simuleringa om supernovaer nedanfor, som gir deg eit inntrykk av dei enorme avstandane vi snakkar om.

 

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialise correctly. Download player
Simulering: Supernovaer er stjerner som eksploderer, og dei er bodberarar frå fortida.