Hopp til innhald

Fagstoff

Den lyse sida til media

Nesten alle media blei møtte med kritikk då dei var nye. I barndommen til filmen blei levande bilete rekna for å vere mindreverdig underhaldning.
Bildet viser hvordan internet kan bidra til globalisering. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikneseriar blei rekna for å vere valdelege, fjernsyn var «passiviserande», og video var lenge synonymt med porno. Sjølv telefonen og mobiltelefonen blei ei tid møtte med debatt og skepsis.

Vi kan seie at media

  • Verkar globaliserande. Verda kjem inn i stovene våre. Vi kommuniserer på tvers av landegrenser og tidssoner.
  • Utvidar den kulturelle horisonten. Vi lærer om skikkar og kulturen til andre folk.
  • Gir oss kunnskap. Nesten all informasjon vi treng, finn vi på Internett. I 2006 låg det 161 exabyte med digitale data på nettet. Det er tre millionar gonger meir informasjon enn i alle bøker som nokosinne er skrivne. Problemet er ofte å skilje ut det som er seriøst, frå det som ikkje er det. I tillegg lærer vi språk gjennom nett, tv og musikk.
  • Inspirerer til reising. Auka kjennskap til land og folk gir reiselyst, og på nettet er det enkelt å bestille både flyreiser og overnatting.
  • Aukar kontaktflata. Vi etablerer vennskap via Internett, held kontakten med gamle venner og finn fram til personar som dyrkar same interesser som oss, for eksempel gjennom nettsamfunn som Facebook og MySpace.
  • Gjer det lettare å halde kontakt med familien. Mange unge har god kontakt med familien (besteforeldre, onklar og tanter osv.), men mobiltelefon og Internett har gjort det endå lettare å halde kontakt.
  • Styrkjer demokratiet. Vi kan delta i diskusjonsfora på nettet og delta interaktivt i tv-program og på «nettmøte» med politikarar, forfattarar, popartistar og andre. Vi kan også gi spontant uttrykk for meiningane våre som kommentarar i nettavisene. Sosiale medium påverkar samfunnsdebatten: Facebook-grupper er i ferd med å erstatte underskriftskampanjar når det gjeld å påverke politikarar.
  • Underheld oss. Tv-seriar, filmar, musikk, spel og bøker dekkjer mykje av behovet vårt for å kople av etter ein lang dag på arbeidet eller på skulen.
  • Gir oss opplevingar. Gjennom filmar, tv-program og spel kan vi oppleve ting som vi ikkje opplever i det verkelege livet.

Utfordringar til deg

  1. På «NRK skole» finn du fleire filmar knytte til temaet media. Gå til nettadressa http://www.nrk.no/skole/
    Bruk søkjeord som pc, aviser, tv, barne-tv, bøker og liknande.
    Sjå filmar som aukar kompetansen din på dette området.
  2. Diskuter punkta på denne sida.
    Kva er de einige og ueinige i, og kva meiner de manglar her?
  3. Sjå klippet om utviklinga av barne-tv som ligg i lenkjesamlinga. Kva skil barne-tv før og no? Tenk deg ein epoke frå 1970 og fram til i dag.
  4. Kva for krav meiner du vi bør stille til barne-tv?
  5. Kva er føremålet med barne-tv? Tenk på innhald, sendetid, form osv.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 27.02.2018

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium