Hopp til innhald

Fagstoff

Hjelpemiddel til mat og måltid

For at brukaren skal meistre mest mogleg sjølv og delta i aktivitetar knytte til mat og måltid, må helsefagarbeidaren og brukaren saman vurdere kva for hjelpemiddel brukaren har behov for.
Ein mann et middag på ein institusjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange typar hjelpemiddel ein kan bruke når ein skal ete, og ved ein institusjon vil det ofte vere eit utval av dei mest vanlege hjelpemidla på avdelingane.

Spisehjelpemidler

Mange føler at det er nedverdigande å ete med skei i staden for kniv og gaffel eller å bruke kopp eller glas med tut i staden for vanleg kopp eller glas.

For mange er det greitt å bruke spesielt tilpassa bestikk – til dømes mosegummi utanpå bestikket. Mosegummi er eit elastisk materiale som kan setjast utanpå bestikket og gir eit betre grep.

Drikkehjelpemidler

Eldre mann drikk av sugerør. Foto.

Det er ikkje alltid så lett å drikke av ein kopp som er heilt full, og derfor kan det vere lurt å skjenkje koppen eller glaset halvfullt – då skvulpar det ikkje over så lett, og det blir lettare å halde koppen. For menneske som skjelv mykje på hendene, kan ein tyngre kopp vere betre enn ein lett, medan det kan vere betre med ein lett kopp for menneske som har vondt i ledda. Somme føretrekkjer å bruke sugerøyr.

Ein tallerkenkant gjer at maten ikkje blir skoven av tallerkenen, og det blir lettare å ete med éi hand. Det kan òg vere nyttig å bruke eit antiskliunderlag, eller ei sklikke, for at tallerkenen skal stå i ro når ein et.

Nokre nyttige hjelpemiddel kan vere

  • kopp med tut
  • sugerøyr
  • sugersøyrhaldar
  • kopp for dei som skjelv på handa
  • bestikk med tjukkare gripetak
  • tallerkenkant i plast
  • eggeglas med sugekopp
  • større og lettare glas eller kopp med handtak
  • termotallerken
  • antiskliunderlag (sklikke)

Ein ergoterapeut kan saman med brukaren vurdere kva som trengst, og han eller ho kan hjelpe til med å skaffe dei hjelpemidla brukaren har behov for. Det er viktig at hjelpemidla er tilpassa den enkelte.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Hjelpemiddel, teknologi og universell utforming